Lesarinnlegg
– Ei uforgløymeleg oppleving!
– Eg er mektig imponert over elevane, skriv Hege Amdal.
Eg var på dei to framsyningane kulturskulen hadde sist måndag og tysdag. Eg er mektig imponert over kva elevane viste oss av song, gitar, spel på flygel, keyboard, tegnsong, fiolin, trommer og dans. Dei er heilt utrulege. Ei stor takk til lærarane som underviser dei! Lærarane hadde ein flott lunsjkonsert onsdag formiddag. Det vart også ei kjekk formiddagsstund. Og på torsdag blei den flotte kunstutstillinga til kunstelevane presentert! Tusen takk til elevane og lærarane for ei uforgløymeleg oppleving! Eg gler meg alt til neste kulturskulekonsert i haust.
Hege Amdal