Blir du møtt av dette – og meiner du ikkje har fått eFaktura frå Ryfylke slik du pleier? Ta kontakt, enten nå i arbeidstida på fredag eller på måndag.

 eFaktura-krøll hos Ryfylke

Er du abonnent og ikkje får logga inn? Feilen ligg i det nye faktureringssystemet.

Publisert Sist oppdatert

– Me var ikkje klar over dette før kundar begynte å kontakta oss. Dette er så klart veldig frustrerande for både kundane og for oss, seier Jane Haukeland, som jobbar med abonnement hos avisa Ryfylke.

Den siste tida har det vist seg at fleire faste abonnentar ikkje har fått tilsendt eFaktura for oktober månad, sjølv om dei tidlegare har hatt abonnementet på automatisk trekk i nettbanken sin. Dette har resultert i «manglande betaling» og systemet har dermed stoppa abonnementet. Fleire frustrerte kundar har, naturleg nok, kontakta Ryfylke.

Ryfylke har kontakta dei ansvarlege for fakturasystemet i Oslo, som jobbar med saka. I skrivande stund er det ikkje avklart kva som er årsaka til denne feilen.

Det blir nå jobba med å få ein oversikt over kor mange abonnentar dette gjeld, og kven desse abonnentane er. Når ein får denne oversikten vil Ryfylke opna abonnementa igjen for dei det gjeld, og så vil faktureringssystemet senda ut ein eFaktura til kundane.

– Veldig dumt at dette skjer like før ei helg. Ta gjerne kontakt nå i arbeidstida i dag, fredag, så skal me få opna abonnementa som har blitt stengt på grunn av denne faktureringsfeilen, seier Haukeland.

Powered by Labrador CMS