For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Fleire nordmenn vel å bli i Noreg i sommar, heller enn å reise på ferie utanlands, på grunn av auka prisar og ei svak krone.
Fleire nordmenn vel å bli i Noreg i sommar, heller enn å reise på ferie utanlands, på grunn av auka prisar og ei svak krone.

3 av 5 endrar reiseplanane i sommar

Publisert Sist oppdatert

Norstat har spurt 1000 nordmenn om reiseplanane inn mot sommaren. Undersøkinga er gjort for Frende og viser at 1 av 3 reiser mindre på grunn av prisaukane, elleve prosent blir heime og droppar å reise bort i det heile og ni prosent droppar utanlandsferien dei hadde tenkt, skriv Frende.

– Vi får mykje mindre for kronene våre, og den låge kursen kjem på toppen av at Europa også har hatt kraftig kostnadsvekst sidan i fjor, akkurat slik vi har opplevd her heime, seier skadesjef på reise i Frende Forsikring, Petter Lassen.

Han rår dei som kan om å reise utanfor fellesferien.

Gjennom pandemien oppdaga mange at Noregsferie er retteleg så fint. I Frendeundersøkelsen kjem det fram at 1 av 2 seier at dei er meir i Noreg i feriar no enn før pandemien. Men også feriar i heimlandet blir dyrare i sommar.

– Prisane på overnatting, reiser, restaurantar og opplevingar har stige her òg. Du slepper den kjipe kronekursen, men vi ser at mange må kutte i ferien uansett. I undersøkinga vår seier 31 prosent at dei har kutta i reiser eller feriar det siste året allereie på grunn av prisaukane, seier Lassen.

(NPK)

Powered by Labrador CMS