Dyr er alltid spennande. Inne i storteltet på Rådhusplassen var det både kåring av vêrlam, saueklipping og fleire lokale utstillarar.Ingvil Bakka.
Atle Løland driv Bakken Gard. I storteltet selde han grønsaker.Ingvil Bakka
Gerd Astrid Melstveit og Borgny Herheim hadde saman med fleire andre laga 30 liter smørgraut.Ingvil Bakka.
Desse sauene er av rasen svartfjes, som er ein gammelnorsk villsau-rase. Eigar er Ivar Tangeraas.Ingvil Bakka.
Saudabuen Torhild Ildstad (til venstre) og sandeidbuen Magda Handeland brukte ulla frå saueklippinga til å visa karing og spinning av ull. Handeland selde også angoraull-produkt, som ho lagar ut frå ulla til sine 14 angora-kaniner.Ingvil Bakka,
Emilie Espevik (10), som bur på Amdal, hadde med seg lammet Blacky, som kunne fleire triks. Emilie har lært lammet både å gå rundt henne fleire gonger før ho får kraftfôr-godbit, og å hoppa over hinder.Ingvil Bakka.
Ole Petter Josdal frå Brimse er til vanleg profesjonell saueklippar hos Fatland og klipper gjerne rundt 400 sauer til dagen. Ein sau har gjerne tre-fire kilo ull.Ingvil Bakka.
Rogaland sau og geit stilte med to dommarar under vêrlam-kåringa. Hilde Kalleklev Håland og Lars Egil Bakka var godt fornøgd med sauene til Karl Anders Fløgstad. – Sauene hans er veldig bra – som vanleg, sa Håland til Ryfylke.Ingvil Bakka.
Ingen Bønder i byn»-arrangement utan ei traktor-utstilling. Ordet traktor kjem frå latin og betyr trekkraft».Ingvil Bakka.
Ekteparet Dagrunn og Anders Vormestrand sel eple og eplejus. Anders tok stadige rundar rundt og baud på smaksprøvar.Ingvil Bakka.
Gutar 14 vil gjerne til Norway Cup neste år også og dreiv kafé i Rådhusgata. Frå venstre: Felix Bang Bergsbakk, Lucas Jacobsen, Selmer Buer, Jaime Rønneberg, Olve Bruknapp Skoglund, Ådne Listøl og Tristan Seltveit.Ingvil Bakka.
Ved standen til familien Risvold Kvaløy kunne ein tippa vekta på to egg, i svært ulike størrelsar.Ingvil Bakka.
Det var mange spennande salsboder for store og små. Her ser Lisa, Liam (2) og Viggo Geiss (4) på utvalet medan dei søker ly for regnet.Ingvil Bakka.