– Då er redninga Pizza Grandiosa Delux
Vi nordmenn har fleire gonger vore representert på pallen i det prestisjetunge meisterskapet i kokkekunst, Bocuse d´Or. Vi har fått fram fleire store kokketalent, og kvart år får vi besøk av matinteresserte menneske frå heile verda.
Dei vil oppleve norske råvarer og mattradisjon, og betalar gladeleg dyrt for å smake det beste av for eksempel norsk sjømat, førsteklasses grønsaker og ost. Norge har fleire gonger hausta prisar for å produsere ost i verdstoppen. Restaurantane med stjerne i Michelin-guiden blir stadig fleire og vi har til og med ein verdsmeister i produksjon av gin.
”Mellom djupe fjordar og høge fjell på Sunnmøre ligg Stranda”. Slik presenterer produsenten av Norges aller mest konsumerte matrett seg på nettsida si. Matretten heiter sjølvsagt Pizza Grandiosa. Den kjem i fleire utgåver, der dei klassiske og trygge alternativa hovudsakeleg er toppa med enten skinke eller pepperoni. For dei vidarekomne kjem retten også med løk og kjøttdeig, mens dei verkeleg verdsvante kan velge seg ein småfrekk taco-variant.
Synest du dette blir for simpelt? Då er redninga Pizza Grandiosa Delux. Her har produsenten forsøkt å lage pizzaen eit lite hakk nærmare slik pizza skal sjå ut, med sprø skorpe og saftig topping. Dei har imidlertid halde seg til skinke, pepperoni, kjøttdeig og den meir eksotiske ”taco”. Spennande.
Er du ei slank kvinne med silkekjole som ønsker å senke deg forsiktig ned i ein velur-sofa mens du elegant tar eit sensuelt, lite musebit av eit stykke grandiosa? Fortvil ikkje. Den kjem også i ein variant for deg, med tynn botn, slik italienarane gjer det. Du kan velge mellom ost, spekeskinke og den elleville varianten med kylling og pesto. Det er norsk mat på sitt mest fullkomne.
Mens gourmetmåltida ligg trygt stabla i frysedisken på butikken, vil eg nemne eit par nyheiter eg la merke til denne veka:
* Både Dagbladet og VG har forlengst forstått at om dei ”advarer mot sterke inntrykk”, så får artiklane eller videosnuttane langt fleire klikk. Eg synest imidlertid det begynner å gå inflasjon i bruken av slike åtvaringar, som då førstnemnte avis denne veka fortalte om tidlegare handballspelar og riksklovn Frank Løke, som hadde fått våte og sprukne føter etter ein lang løpskonkurranse. Alle er vel einige i at vi helst vil sleppe nærbilde av Løke sine føter, men å kalle det sterke inntrykk er vel å ta litt i.
* Ei overskrift er visst heller ikkje god nok om den ikkje er på grensa til reinspikka løgn. Eit eksempel er Nettavisens smått sjokkerande ”Olaug drikker 30 øl før lunsj – denne dama er garantert råere til å drikke enn deg”. Wow! Så mykje øl ville eg i alle fall trenge tid fram til middag for å få i meg, så eg må sjølvsagt inn og lese saken. Olaug viser seg å vere dommar i VM i ølbrygging, og ”30 øl” er eigentleg 30 slurkar med forskjellige ølsortar. Skål for Nettavisen!
* NRK fortel denne veka om fotografen Oddveig Torve sitt dramatiske møte med ei kattugle. Torve hadde fotografert ugla sine ungar i ein fuglekasse, då ho nådelaust og utan forvarsel blei angripe av den hissige fuglen, som stupte med klørne først rett i ansiktet på ho. Det var først etter angrepet ho forsto at det var ugler i mosen, og at det eine auget var alvorleg skada. Dermed må ho no belage seg på fleire veker med bandasje, før ho forhåpentlegvis vil vere i stand til å uglesjå som normalt igjen. I alle fall på eitt av auga.
* Nokre gonger er kommentarar unødvendige, rett og slett fordi skjebnen er så vakker i seg sjølv. Som då den eritreiske proffsyklisten Biniam Girmay (22) nyleg gjorde sitt livs beste etappe, og vann sin aller første Grand Tour-etappe for sitt lag. Etter den imponerande innspurten i Giro d`Italia, feira han etter alle kunstens reglar øvst på premiepallen, men då han skulle opne den tradisjonelle magnum-flaska med musserande vin, spratt korken rett opp i det venstre auget hans, og dermed måtte han bryte storrittet.