Den nye tribunen er i rute
Saudahallen får ny tribune og betre lagringsplass.
Tribuneseksjonen i Saudahallen har vore uforandra siden Saudahallen blei bygd og opna i 1975. Nå blir tribunen bygd om og heva. Arealet på den nye tribunen blir omtrent lik den gamle tribunen, men sjølve tribunedelen blir heva cirka tre meter. I tillegg til trapper blir det også heis opp, slik at rullestolbrukarar og andre med heisbehov kan bruke tribunen.
Oppsynsmann i Saudahallen, Stein Ove Løvik, opplyser at den nye tribunen blir litt tryggare for publikum.
– Når det blir spelt fotball i hallen har publikum vore svært tett på banen og litt utsett. Nå blir det litt tryggare avstand, seier Løvik.
Han opplyser at det vil vere rullestolplassar på den nye tribunen, i tillegg til nokre ståplassar.
– Det blir sitteplass til eit par hundre personar, omtrent som i dag, ifølge Løvik.
Men den største kapasitetsendringen blir lagringsplassen som nå blir frigjort under tribunen. I dag er lagringskapasitet ein stor utfordring i Saudahallen. I tillegg til at Saudahallen har ein del matter, tjukkas, bukkar og liknande, som alle kan bruke, har kvar enkelt skule og ulike idrettsgrupper eige utstyr.
– Da den gamle helsestasjonen blei nedlagt, blei dette arealet tatt i bruk til lagring, men kapasiteten er altfor liten. Nå får me vesentleg meir kapasitet til å lagre utstyr, seier Stein Ove Løvik.
Årets juleturnering i fotball blei avlyst på grunn av tribunebygginga. Turneringa er flytta til vinterferien. Løvik håper tribunen er ferdig til da.
– Det er lang leveringstid på enkelte ting, men planen er at tribunen er ferdig før vinterferien.
Oppsynsmannen opplyser at det er ein svært solid tribune som blir bygd.
– Eg trur tribunen står igjen dersom det blir jordskjelv og Saudahallen raser saman, haha!