Ei sterk åtvaring etter påsketuren
Når vi no har glefsa i oss dei siste marsipanpølsene og ikkje orkar tanken på ein bit til med Kvikk Lunsj på tilbod, er det igjen tid for refleksjon, ettertanke og ikkje minst perspektiv.
Det er nemleg lett å miste fotfestet når det skjer så mykje i kjøleskapet heime, og dermed gå glipp av dei verkeleg relevante og samfunnsnyttige nyheitene ute i verda. Eit monumentalt viktig eksempel stod Dagbladet for på første påskedag. Eg tillet meg å oppsummere litt av innhaldet, då det potensielt kan hjelpe endå fleire.
Artikkelen tar oss til Skarvheimen, som ligg mellom Jotunheimen og Hardangervidda. Det er 30 år gamle Alexander som fortel om påskeskituren med venene, om solskinnet, optimismen og korleis alt snudde frå idyll til komplett mareritt i løpet av nokre få timar. Eg meiner det er heilt rett av Dagbladet å ta seg tid til å gå grundig inn i historia, like mykje som det er modig av Alexander å dele opplevinga, som skremmande nok kan ramme sjølv dei sterkaste av oss.
Alexander fortel med eigne ord at han og venene hadde gått omlag i fire timar, då han kjente at noko ikkje var som det skulle. Då turfølget kom fram til hytta dei skulle til, kunne han knapt tru det han såg. Alexander hadde fått gnagsår.
Det var ikkje noko bagatell av eit gnagsår heller. Dagbladet skriv at såret på Alexanders hæl kunne minne om Storbritannia i form, og at han i tillegg hadde fått fleire røde merker på to av tærne på foten. Skikkeleg, skikkeleg vondt gjorde det. At ein utan vidare kan pådra seg gnagsår på skitur kunne vel ingen ha sett føre seg. Heller ikkje Alexander, trass i at han fortel at han også tidlegare har fått gnagsår. Avisa kontaktar også Oslo Sentralsjukehus, der overlege Helge Opdahl kan fortelle at det i hovudsak er éin ting som kan førebygge liknande problem, nemleg såkalla ”gnagsårplaster”.
Alexander seier at han fortel historia for å åtvare andre, og det gjer han sjølvsagt rett i. For når vi har unnagjort resten av våren, sommarferien, hausten, adventstida og julefeiringa, då er det plutseleg snart påske igjen, og tid for nye skiturar. Då kjem vi alle til å ha gnagsåret til Alexander friskt i minnet.
Vi tar med eit par andre høgdepunkt frå den siste veka:
* Fotballspelaren Erling Braut Haaland har valt å samle håret i to separate buntar bak på hovudet. Tidlegare har han hatt det i éin.
* ”I helvete…”, braut sokneprest Vegard Bondevik Lie tilsynelatande ut då han mista notatene sine på golvet under ein gudsteneste nyleg. Episoden blei filma, men til trass for bilde- og lydbevis, hevdar han sjølv at dette aldri blei sagt. Eg tviler på at det hjelper hans sak.
* Svenske prinsesse Madeleine feira påsken saman med sin mann og deira tre barn. Dei tok bilde av seg sjølv i samband med samvêret, og dette biletet har dei valt å dele på Instagram.
* Den ivrige sangkonkurransedeltakaren Christian Ingebrigtsen er igjen å sjå på nettstaden SeHer.no. Denne gong står biletet av han og sambuaren saman med overskrifta ”Røper baby-nyhet”. Nyheita er at dei har fått ein.
* Sjaman Durek Verrett har hatt travle dagar. For ikkje lenge sidan lanserte han sitt eige boyband, og no har han også annonsert at han har flytteplanar. Etter det eg forstår, dreier det seg berre om ei kortare flytting, internt på denne planeten.