Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Ein av fire vaksne i verda røyker tobakk

Publisert Sist oppdatert

Noreg, Island og stillehavslandet Nauru er dei einaste stadane i verda der fleire kvinner enn menn røyker, skriv Forskning.no.

Tala inkluderer både dei som røyker dagleg og av-og-til-røykarar. Det inkluderer ikkje bruk av snus.

Indonesia er på røyketoppen i verda der 71 prosent av mennene og 4 prosent av kvinnene røyker.

Til samanlikning er det 15 prosent menn og 18 prosent kvinner som røyker i Noreg, ifølgje tal frå SSB.

Det er i Asia at folk røyker mest, og i land som Bangladesh, Vietnam og Nepal røyker om lag halvparten av alle menn over 15 år.

I afrikanske land er det heller uvanleg å røyke, og i mange land er talet under 10 prosent. I Latin-Amerika er talet gjerne mellom 10 og 20 prosent.

Kor mange sigarettar daglegrøykarar og av-og-til-røykarar bruker kvar dag varierer frå land til land. I 2012 av gjennomsnittet i Noreg elleve sigarettar kvar dag, medan det i Sverige var 22.

(NPK)

Powered by Labrador CMS