Endeleg skumparty på Rådhusplassen
Etter fem års pause var det endeleg klart for skumparty igjen.
Kald temperatur og regnvêr stoppa ikkje ungdommen frå å leike i skummet. Skumpartyet var ope for alle på 7. til 10. trinn. Det var nærare hundre ungdommar som var innom teltet på Rådhusplassen torsdag kveld.
– Ungdommane har aldri opplevd dette før så dei synes nok det er ganske spennande og ikkje minst kjekt. Dei var litt forsiktige i starten, men når dei først fekk litt skum på seg blei det meir fart i dei, seier Magnar Birkeland som var medarrangør.
Annonse
– Spennande, gøy å vere samla. Eg håpar dei arrangerer dette igjen neste år, seier Jessica Søndenå (15).
Ungdommane gav uttrykk for at det var veldig kjekt at det skjedde noko for dei også under årets Saudadagane.