For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Då Anette Trettebergstuen vart innsett som kulturminister, fekk ho bamsemums frå generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge for å minne ho på viktigheita av full og rettsfesta momskompensasjon.
Då Anette Trettebergstuen vart innsett som kulturminister, fekk ho bamsemums frå generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge for å minne ho på viktigheita av full og rettsfesta momskompensasjon.

Full momskompensasjon for frivilligheita i 2022

Publisert Sist oppdatert

– Mange folk slit, og frivilligheita er der for folk. Derfor gir vi meir pengar for å få full momskompensasjon. Det er ei kjempegod investering for at lag og foreiningar skal bruke tida på aktivitet til folk og ikkje på byråkrati, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen til TV 2 Nyhetskanalen.

– Dette er ein stor siger for norsk frivilligheit. Vi er veldig takksame for at regjeringa har funne rom for å betale tilbake alle momskronene til det frivillige, som sikrar god og føreseieleg finansiering i utfordrande tider, seier generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen i ei pressemelding.

Anette Trettebergstuen stadfestar også at regjeringa vil jobbe for full og rettsstyrt momskompensasjon til det frivillige, slik Hurdalsplattforma lovar.

Slik det føreslegne statsbudsjettet ser ut i dag manglar det 2,025 milliardar kroner til å dekkje momskostnadane for frivilligheita for neste år. Den årlege usikkerheita kring rundt kor mykje pengar dei vil få betalt tilbake må vekk, meiner Frivillighet Norge.

– Det er gode signal frå Trettebergstuen. Vi ser fram til at regelstyring kjem på plass, så organisasjonane blir trygge på at dei får betalt tilbake alle momsutgiftene dei har og slepper på lure på om det er sett av nok midlar, avsluttar Stian Slotterøy Johnsen.

23 frivillige lag i Sauda fekk MVA-kompensasjon frå staten i 2021. Sauda idrettslag henta drygt 290 000 kroner som den største lokale mottakere, følgt av Sauda jeger- og fiskerforening med 78 000 kroner og Sauda golfklubb med i overkant av 72 000 kroner.

(NPK)

Powered by Labrador CMS