Nils Jarle Sandanger planlegg å halde minigolfbana open i vinterferien.
Nils Jarle Sandanger planlegg å halde minigolfbana open i vinterferien.

Grasrota elskar Andedammen

Ivrige tipparar sørga for over 730 000 kroner til lokale lag og organisasjonar i 2022. Mange gav si støtte til Andedammens venner.

Publisert Sist oppdatert

Sidan grasrotandelen blei innført i 2009 har ordninga der tipparar får øyremerka ein del av summen dei speler for, bidratt med milliardbeløp til norsk frivilligheit. I 2022 bidrog ordninga med 771 millionar kroner, noko som er ny rekord. 58 millionar av desse hamna i Rogaland.

For Sauda sin del er trenden samanfallande med landet elles. Fleire av Norsk Tipping sine kundar vel seg ein grasrotmottakar, og summen som kjem lag og organisasjonar til gode aukar.

Andedammen i vekst

Tradisjonelt har Sauda idrettslag, Sauda Røde Kors og Romania Aid toppa lista over lokale lag som får størst tilskot. Det er stoda i 2022 òg, men alle dei tre fekk i fjor mindre i støtte og hadde færre givarar enn åra i forvegen.

Vinnaren lokalt er Andedammens venner, som går frå 48 til 104 givarar og frå 19 000 til 51 000 kroner i støtte.

Til saman fekk 46 lokale organisasjonar grasrotmidlar i 2022. Desse fekk til saman drygt 732 000 kroner, 16 000 meir enn i 2021.

– Har verva

Nils Jarle Sandanger i Andedammens venner er naturleg nok glad og takksam for inntektsauken frå grasrotmidlane.

– 117 prosent auke frå i fjor er formidabelt. Eg trur det i hovudsak er to årsaker til auken. Bygginga av minigolfbanen og all merksemda rundt dette er éin, bevisst verving av grasrotgivarar ein annan. Og så tur eg endå fleire har fått augo opp for andedamområdet, seier Sandanger som legg til at midlane frå grasrotandelen er kjærkomne for drifta av området.

Pensjonistane speler mest

Grasrotandelen utgjer sju prosent av beløpet det blir levert spel for, 14 prosent for enkelte spel. Basert på mottatt støtte og talet på støttespelarar er det som tidlegare dei som gir sin grasrotandel til Sauda Pensjonistforening som legg igjen mest pengar hos Norsk Tipping.

I snitt har desse spelt for nesten 24 000 kroner kvar i 2022. Dei som støttar Nasjonalforeningen Sauda Demensforening har spelt for sør 19 000 kroner kvar og dei som gir sin del til Sauda Idrettsråd snautt 17 000 kroner.

Tipparar som har Sauda Asfalt Force som mottakar nøyde seg med å tippa for 1 351 kroner i 2022, i andre enden av lista.

Den gjennomsnittlege grasrotgivaren i Sauda tippa for rundt 7 000 kroner i 2022.

Grasrotandelen 2022, Sauda kommune:

Namn Givarar 2020 Bidrag 2020 Givarar 2021 Bidrag 2021 Givarar 2022 Bidrag 2022
Sauda Idrettslag 443 219 300 419 203 879 408 197 823
Sauda Røde Kors 215 100 762 210 101 058 198 92 212
Romania Aid 103 57 531 102 59 217 91 56 507
Andedammens venner 0 0 48 19 392 104 51 113
Sauda Turnforening 58 36 654 54 41 121 48 41 393
Mental Helse Sauda 59 34 925 58 31 631 61 32 089
Sauda Golfklubb 65 25 638 63 25 211 68 28 794
Rebekkaloge nr. 68 Linnea 17 15 415 16 15 627 16 15 077
Sauda Motorsportklubb 38 17 200 34 15 435 32 14 317
Sauda/Suldal revmatikarlag 26 15 115 28 11 177 29 13 988
Sauda MC-klubb 28 10 725 30 10 870 32 13 377
Sauda Pensjonistforening 6 9 926 7 12 734 8 13 373
Idrettslaget Ny Von 41 13 625 42 14 246 42 12 297
Sauda Mannskor 22 18 739 21 19 948 19 11 772
Pinsemenigheten Salem 21 4 804 24 8 790 25 9 969
Sauda Jeger og Fiskerforening 32 14 222 28 11 374 32 8 774
Sauda Sogelag 15 7 051 14 8 551 13 8 652
Sauda Orienteringsklubb 27 9 259 27 9 126 24 8 325
Åbødalen Hytteforening 16 4 878 18 7 384 20 8 008
Sauda Bridgeklubb 12 3 701 12 7 863 14 7 983
Sonor 22 13 574 16 7 777 14 6 812
Nasjonalfor. Sauda Demensfor. 3 6 163 3 7 438 5 6 541
Trøkk 16 13 6 018 16 4 835 16 5 694
Sauda Sportsdykkerklubb 8 6 281 8 5 351 8 5 118
Sauda Skytterlag 16 6 138 18 5 826 16 4 947
Sauda Sykkelklubb 19 5 686 16 5 019 16 4 902
Sauda Idrettsråd 5 5 065 3 4 822 4 4 646
Makotokai Karateklubb 18 7 764 15 5 105 13 4 614
Sauda Turlag 12 3 417 16 3 411 17 4 363
Sauda Soul Children 4 987 5 1 711 7 3 940
Tinghaugs Vennes 7 4 438 6 4 537 6 3 619
Foreningen Betel Sauda 10 3 081 11 3 531 12 3 592
Hellandsbygd bygdeutval 12 3 134 12 2 643 14 3 396
Sauda Sanitetsforening 0 0 3 36 10 3 311
Sauda Husflidlag 12 3 178 13 3 059 12 3 299
Vennsk. Sauda San Juan Del Sur 12 4 387 12 3 472 10 2 858
Sauda og omegn Zontaklubb 6 2 941 4 3 118 3 2 737
Sauda Musikklag 4 2 327 6 3 215 9 2 709
Sauda Folkets Hus AS 12 3 795 10 3 504 9 2 274
Sauda Klatre klubb 0 0 4 223 8 2 182
Sauda Pistolklubb 2 65 2 243 5 1 701
Sauda Trekkspillklubb 8 3 664 8 1 628 8 1 652
HV-hytta Hustveitsåta 3 283 2 961 3 605
Sauda Asfalt Force 4 433 5 497 5 473
Laget for Hovlandsnutens utv. 0 0 0 0 3 719
1 456 712 289 1 469 716 596 1 517 732 547

Powered by Labrador CMS