Håpar det blir etablert tennisklubb i Sauda
Laurdag blei det nyrestaurerte tennisanlegget i Åbøbyen opna. Stavanger Tennisklubb stiller med instruktørar viss det blir starta opp tennisklubb i Sauda.
Det har gått nær to år sidan prosjektet med å totalrenovere tennisbanane i Åbøbyen starta. Laurdag kunne styreleiar i Åbøbyens Venner», Odd Magne Lønseth, høgtideleg opne tennisbanane offisielt. Dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sauda, Sivert Sørnes, fekk det ærefulle oppdraget med å klippe snora, som blei heldt av ordførar Asbjørn Birkeland og dagleg leiar i Sauda idrettslag, Kristoffer Birkeland.
– Utan Sparebankstiftelsen Sauda hadde det ikkje blitt totalrenovering av tennisanlegget i Åbøbyen, opplyste Lønseth.
Åbøbyens Venner» tok på seg oppdraget med å totalrestaurere tennisanlegget, pluss at dei er i gang med å restaurere fleire parkanlegg i Åbøbyen. Men desse prosjekta er ambisiøse og kostar fleire millionar kroner. Blant fleire støttespelarar har Sparebankstiftelsen Sauda vore den tyngste og viktigaste.
Stavanger Tennisklubb blei med på opninga med trenarressursar og eit par svært dyktige spelarar. Etter opning varta dei opp med ein liten demonstrasjon på korleis tennis blir spelt på seriøst nivå, før dei heldt eit par timar tennisinstruksjon for dei yngste, som fekk lov å prøve seg.
Odd Magne Lønseth legg ikkje skjul på at han håpar at det blir etablert ein tennisklubb i Sauda, nå som det er eit par nyrestaurerte banar i Åbøbyen av solid kvalitet.
– Men da må nokon gripe fatt i det. Stavanger Tennisklubb har sagt at dei kjem på besøk og stillar med instruktørar, opplyser Lønseth.
Dagleg leiar i Stavanger Tennisklubb, Ole Storhaug, opplyste at han var veldig imponert over tennisanlegget i Åbøbyen.
– Eg har vore på alle tennisanlegga i Norge. Banane i Åbøbyen må vere dei tennisbanane med finast beliggenheit i heile Norge, meinte Storhaug.
Frå og med søndag må ein betale ein liten penge for å leige banane i Åbøbyen. Gjennom ein app kan ein også bestille tid til å spele på banane. Prisen er 100 kroner for å leige éin tennisbane i èin time. 50 kroner for skuleungdom opp til 19 år.
Styreleiar Lønseth ber om at opningstidene til banane, som er mellom klokka 09 og 21 blir resepektert, av omsyn til naboane rundt.