Hellbillies klare for Saudadagane
Artistane for neste års Saudadagane er klare. – Vi er utruleg stolte av programmet vi presenterer i dag, seier festivalsjef Karina Fiveland.
Artistane for neste års utgåve av Saudadagane er nå klare, og det er ikkje miniputtar arrangøren har greidd å få på plass til ein av dei største konsertbegivenheitane i Sauda i 2027. Aller øvst på plakaten står ein gamal kjenning av saudabuen. Fire gonger spellemannsprisvinnarar Hellbillies var i Sauda for 13 år sidan. Sidan den gong har dei halde fram med eit svært aktivt turnéliv, samt innspeling av tre studioalbum og to live-album. Dei godt vaksne karane frå Ål i Hallingdal er kjente for å vere eitt av landets beste live-band, og festivalsjef for Saudadagane, Karina Fiveland, er godt fornøgd med å ha klart å signere Hellbillies til neste års festival i naustet.
– Hellbillies er eitt av landets største band, og det er stort for oss å få dei til Sauda. Med 18 album, ei lang rekke med hits og prisar som Spellemannsprisens hederspris, Årets Spellemann og Prøysenprisen har bandet for lengst skrive seg inn i norsk kulturhistorie. Framleis fyller dei konsertsalar i heile landet, etter kvart som nye generasjonar oppdagar låtkatalogen deira, seier Fiveland.
– Hadde ikkje vore muleg
Hellbillies skal spele fredag kveld under Saudadagane, og vil ifølge arrangøren få selskap av éin eller to artistar til, som førebels ikkje er på plass. Bookingansvarleg Kurt Inge Nybru forklarar at det ikkje hadde vore muleg å hente artistar som Hellbillies til Saudadagane, om det ikkje hadde vore for at konsertane blei flytta frå telt i sentrum til naustet i båthamna.
– Det dei har med seg og krever i dag, hadde ikkje vore muleg å gjennomføre i teltet. Naustet har gjort det muleg å hente artistar i denne storleiken, seier han.
– Hellbillies har publikum i alle aldrar. Dette blir ein fredagskveld folk kjem til å snakke om lenge, legg Fiveland til.
Allsongkveld
Også under laurdagens konsertar vil det vere historisk sus over naustet i Sauda. Tidlegare Mods-trommis Leif-Arne Nilsen starta i 1984 opp bandet Leif & Kompisane, som har gitt ut ti studioalbum og vore eit kjært og populært live-band med allsangvennlege låtar som «Stranddag», «Eg har’kje råd» og «Dronningen». Etter Nilsens bortgang i 2023, har dei gjenlevande bandmedlemmene, med velsigning frå sønene hans, henta inn Tommy Fredvang som vokalist og tatt det treffande namnet Kompisane til Leif.
Laurdag under Saudadagane speler dei i naustet, noko Nybru trur blir ei skikkeleg allsong-oppleving.
– Dette er sommar, sol og allsong. Desse låtane sit i ryggmargen til mange her i distriktet, og Tommy Fredvang framfører dei med stor respekt. Vi trur det blir ein av dei største allsong-kveldane vi har hatt i naustet, seier han.
Fleire legendar
Som om allsongfaktoren ikkje var høg nok, stiller ein anna gjeng med kjenningar også på scena laurdag, nemleg Gunnar Andersen & Busserulls Jubalon Orkester. Nybru skildrar bandet som eit fenomen.
– Dagens ungdom syng dei same slagarane som foreldra song i sin barndom. Dei siste åra har dei gjort suksess på store festivalar. Der dei spelar, blir dei booka på ny med éin gong. Det seier det meste, seier Nybru.
«Busserulls» står bak kjente låtar som «Plukka plommer i Hardanger» og «St. Pauli Blues», og har totalt over 50 millionar avspelingar på Spotify.
Den siste artisten som er klar for neste års festival i Naustet, er den 26 år gamle country-artisten Sebb Ottesen. Trønderens debutsingel «Helt alein» gjekk rett inn på Spotify si topp 200-liste, og i sommar varma han opp for megastjerna Brad Paisley då han spelte i Ålesund og Hamar.
– I tillegg til dei store namna, vil vi gjerne løfte fram artistar som publikum gjerne ikkje kjenner ennå, og kan bli kveldens store overrasking. Sebb har ein stor stemme og ærlege tekstar på norsk, og eg trur landet kjem til å høyre mykje meir frå han i tida framover, seier Nybru.
Han fortel at billettane snart vil bli lagt ut for sal. Naustet i båthamna har kapasitet til omlag 1 500 publikummarar.
– Naustet blir betre og betre som konsertarena. Nå kan vi ta imot store artistar med stor produksjon, og på same tid halde på den nære stemninga som gjer Saudadagane til noko eige, avsluttar han.