Sauda Seven Summits inviterer til nyttårsbading ved Si-Glass-stranda. Tommy Listøl (til venstre) lovar å bada på laurdag. Vegard Ringhagen lovar at han ikkje skal bada.
Sauda Seven Summits inviterer til nyttårsbading ved Si-Glass-stranda. Tommy Listøl (til venstre) lovar å bada på laurdag. Vegard Ringhagen lovar at han ikkje skal bada.

– Her skal det badast!

Sauda Seven Summits inviterer store og små, saudabuar og hyttefolk til nyttårsbading i sjøen ved Si-Glass-stranda – uansett vêr.

Publisert Sist oppdatert

– Det er alltid forfriskande med eit bad! Me trur dette kan bli kjekt. Me vil setta opp ein lavvo der folk kan skifta klede og elles fyra opp bålpanner og selga varme pølser, kaffi og kakao i gapahuken, seier Tommy Listøl, styremedlem i Sauda Seven Summits.

Fekk ideen på fjelltur

Turaktivitetstilbodet Sauda Seven Summits, som høyrer inn under randonee-gruppa i Sauda Idrettslag, blei etablert for første gong i 2017. Konseptet handlar om å besøka sju lokale fjelltoppar i løpet av eitt år. Nå inviterer styret i Sauda Seven Summits til eit arrangement som ligg null meter over havet, nemleg på Si-Glass-stranda i Saudasjøen. Her blir det nemleg bading i sjøen nyttårsaftan. Ideen fekk Tommy Listøl under ein fjelltur i november.

– Me var ein gjeng som gjekk til Hustveitsåta. Det var nydeleg vêr og varmt og fint. Fleire av oss bada i Storavatnet. Det var då eg tenkte at det hadde vore kjekt å laga til eit nyttårsbad-arrangement, fortel Listøl.

Sauda Seven Summits-turane i Saudafjella kan vera fysisk krevande og er gjerne ikkje for alle. Det er rett nok heller ikkje isbading, men…

– Me synest det er kjekt å kunna arrangera noko som alle KAN vera med på, seier han.

Det er også lov å komma bare for å sjå på.

Ypparleg område

Tommy Listøl og Vegard Ringhagen, som også er styremedlem i Sauda Seven Summits, møter Ryfylke ved Si-Glass-stranda torsdag føremiddag, medan regnet siler ned.

– Her er ein ypparleg plass å ha arrangementet. Rett nok litt langt» frå gapahuken» til vatnet, og kanskje litt langgrunt i sjøen, men elles er det perfekt, smiler Listøl, som lovar å bada på laurdag.

Vegard Ringhagen grøsser inne i den tjukke boblejakka si.

– Eg skal vera vakt, eg. Vakter har ein jobb å gjera og kan ikkje delta. På same vis som at ein vakt på ein utestad ikkje kan drikka alkohol, seier han.

– Meldte du deg frivillig til jobben?

– Ja, haha! Eg var rask der!

Kanskje blir det opphald

Arrangementet tidleg laurdag ettermiddag er gratis å vera med på. Sauda Seven Summits har fått sponsa pølser og pølsebrød av ein av matvarebutikkane, og alle inntektene frå salet av mat og drikke vil gå til idrettslaget.

Tidlegare i veka var det meldt regn i den planlagde badetida på laurdag. I skrivande stund, torsdag, kan det tyda på at det faktisk kan bli opphaldsvêr for dei badande og dei som skal sjå på, etter ein regnvåt føremiddag på laurdag.

– Men me kjører arrangementet uansett vêr. Heldigvis slepper me å bora hol i isen, det kunne blitt ei utfordring, vedgår Listøl.

Vegard Ringhagen, som tar vaktansvaret sitt alvorleg alt to dagar før arrangementet startar, minner om at badinga skjer på eige ansvar.

– Barn MÅ ha foreldra sine med. Me kan ikkje ha heilt frislepp av ungar her, påpeiker han.

Etter fotoseansen med Ryfylke ved den snødekte stranda er iallfall ein ting klart:

– Ein treng ikkje å ta med strandhandklede og solbriller, kommenterer Vegard Ringhagen.

Powered by Labrador CMS