Ingeleiv (61) byr på overgangsalder-refleksjonar
Overgangsalder, diabetesføter, trening, aktivitet og jordmorerfaringar står på programmet under Zonta sitt opne haustmøte neste veke. Utflytta saudabu Ingeleiv Rafdal Falkeid vil blant anna reflektera rundt kvinneplagene tidleg overgangsalder og osteoporose.
– Eg er ingen lege, men eg vil reflektera rundt mine eigne erfaringar knytt til tidleg overgangsalder og osteoporose, seier Ingeleiv Rafdal Falkeid (61).
Ved tidleg overgangsalder startar symptoma før kvinna er fylt 40 år. Kvinner som kjem tidleg i overgangsalder har også høg risiko for osteoporose, altså beinskjørheit.
Fokus på føter
Ingeleiv Rafdal Falkeid er oppvaksen i Saudasjøen, og er nyleg flytta hem til Stavanger, etter eit lengre opphald i Rio de Janeiro i Brasil. Av utdanning er ho fotterapeut, og ho har 30 års erfaring innan yrket, i privat klinikk og på Stavanger universitetssjukehus. I tillegg har ho vidareutdanna seg innan diabetesføter, der utfordringane ofte er behandling av fotsår.
– Føtene er fundamentet i all aktiviteten vår. Så eg vil også snakka om korleis ein skal ta godt vare på føtene sine. Alt som kan førebyggast er enklare enn det som må reparerast, seier Rafdal Falkeid.
Oppfordrar til aktivitet
Den utflytta saudakvinna er ein av føredragshaldarane når Sauda og omegn Zontaklubb inviterer til ope møte komande torsdag kveld. Tema for kvelden er Hvordan er det med kvinnehelsa i dag?». Fysioterapeuten Hulda Asgeirsdottir Birkeland (34), som i dag er dagleg leiar ved Frisk & Rask Treningssenter, deltar også.
– Eg vil snakka om fordelane ved trening og fysisk aktivitet. Det er viktig å ikkje legga lista så høgt, og ein må vita at litt aktivitet er så mykje betre enn null aktivitet. Det handlar om å finna ein fysisk og mental balanse i livet. Og, sidan me er nettopp har vore gjennom brystkreft-månaden» oktober vil eg minna om kor viktig det er å sjekka eigne bryster, seier Asgeirsdottir Birkeland, som påpeikar at heller ikkje ho er legeutdanna, men seier ho vil gi generelle og allmennkjende råd.
God råd og tips
Den tredje kvinna som vil halda føredrag denne torsdagskvelden er tidlegare kommunejordmor Torunn Djuvik (62). Ho framhevar dei to andre kvinnene som hovudføredragshaldarane», og seier ho vil avpassa sin del etter kor god tid det er igjen av kvelden».
– Eg skal snakka om kvinnehelse ut frå min ståstad som jordmor. Eg har vore i kontakt med tidlegare Helse Fonna-gynekolog, nå privatpraktiserande gynekolog, Gunvor Storesund, for å få litt ekstra informasjon om nye behandlingsformar, og gode råd og tips til kvinner, seier ho.
Djuvik vil også ha med seg boka si, Jordmødrer og folk elles i Sauda», som ho alt har selt nokre hundre eksemplar av sidan lanseringa for få veker sidan.
Kvinnehelse engasjerer
Torsdagens møte på Sauda vidaregåande skule er ope for alle interesserte, uavhengig kjønn eller alder. Zontastyrets Margoth Sundsbø håpar og trur at det blir eit godt oppmøte.
– Me pleier alltid å ha to opne møte kvart år. Eit om våren, i samband med kvinnedagen i mars, og eit om hausten med eit spesielt tema. Me har hatt ulike tema, men kvar gong me har kvinnehelse» som tema kjem det ekstra mange folk. Det er tydelegvis eit tema som engasjerer. Me oppfordrar også menn til å komma, seier Sundsbø.
Det blir lagt opp til kulturelle innslag og matpause med enkel servering – og åresal, der inngangsbilletten gir éi åre.
Sauda og omegn Zontaklubb har i dag 18 medlemmer.