Charles Hauge og Janne Eikevik fann samtlege 16 rette reisemål og blei trekt ut som vinnar av hovudpremien i åres påskereise.
Charles Hauge og Janne Eikevik fann samtlege 16 rette reisemål og blei trekt ut som vinnar av hovudpremien i åres påskereise.

Janne og Charles vann årets påskereise

– Tengdal og Juvastøl bru gav størst hovudbry.

Publisert Sist oppdatert

Påskereisa

Me heldt nesten på å riva av oss håret,
for oppgåve 3 var så vrien dette året.
Når endeleg svaret klikka inn,
letta vårt tunge sinn.

Kjartan Fløgstad har litteratur som er litt komplisert,
men me finleste Dalen Portland uten å bli frustrert.
Einar Økland sin kunst måtte me og studera,
geografi får ein til å fundera

Takk for ei spennande reise,
nå er me i mål og vil flagget heise.
Me kviler ut fram til neste år,
då er det på´an igjen og sikkert nye grå hår.

Charles Hauge og Janne Eikevik

– Me grubla lenge på oppgåve 3. Det var rett før me reiste oppover med målband for å sjekka. Men så fann me på å søka på Juvastøl, ikkje Djuvastøl som me først hadde prøvd. Og då løyste det seg, fortel Charles Hauge.

For, når ein først har ein idé om kva reisemålet kan vera, finst det nesten alltid eit svar der ute i den digitale verda, om ein bare spør det rette spørsmålet.

Saman med kona Janne Eikevik klarte Hauge til slutt å prikka inn alle dei 16 reisemåla i årets påskereise. Dei to blei seinare trekt ut som vinnar av hovudpremien i årets konkurranse.

Kveldskos

– Me heldt på med oppgåvene fleire kveldar medan me var på hytta på Breiborg i påsken, opplyser Hauge.

Der var det var fleire reisemål enn Juvastøl bru som skapte trøbbel.

– Kjartan Fløgstad-oppgåvene… Me hoppa over dei i første omgang. Til slutt skar Janne gjennom og slo fast at reisemål nummer 15 måtte vera Tengdal, fortel Hauge vidare.

Lukkelege over endeleg å ha løyst alle 16, blei reisa avrunda med eit lite dikt, som me har fått lov til å ta med i avisa.

Varaldsøy eller Bømlo?

Oppgåveforfattaren oppdaga for seint at han hadde gått på ei lita mine i den eine oppgåva som blei presentert i påskeavisa. Elvakongen Olav Sima blir oppgitt å vera frå garden Øvre Sima og frå Ulvik i Due og drone». Sima ligg i Eidfjord, nabokommunen til Ulvik. Ein forfattar kan sjølvsagt skapa sine eigne stader, som til forveksling liknar noko kjent… Uansett, begge svar er godkjend og oppgåvesmeden skal skjerpa seg.

Utanom forvirringa i Sima-oppgåva, var det mange som ikkje kom fram til Juvastøl bru, men føreslo andre reisemål i nærleiken.

Ei anna oppgåve, med ein liten referanse til Allmannajuvet, var også ei nøtt for fleire. Men Erna Solberg har altså feriert på Varaldsøy fleire gonger, og her finst det visstnok gull, som det gjer på Bømlo.

Ringde Fløgstad

Rundt 50 reisande» meinte dei var komne såpass i mål med årets rundreise at dei sende inn sitt løysingsforslag til avisa. 18 av desse hadde funne fram til alle dei 16 reisemåla såpass nøyaktig at dei fekk vera med i premietrekninga.

Dei innkomne svara viser for øvrig at påskereisa engasjerer langt utanfor Saudas grenser…

For å løysa oppgåvene i reisa er alle hjelpemiddel tillatt. Tilbakemeldingar frå deltakarane tyder på at mange har engasjert både familie og venner for å finna vegen fram til dei ulike reisemåla. Ein av deltakarane opplyser til og med at han har ringt Kjartan Fløgstad for å få stadfesta at han var på rett spor…

Får gåvekort

Hovudpremien i år er eit sentrumsgåvekort pålydande 1 500 kroner, som altså går til Janne Eikevik og Charles Hauge. Tre av dei andre deltakarane med alt rett får ein liten trøystepremie frå Ryfylke; Cecilie Strømmen, Ellen Ljostveit og Solveig Sivertsen. Denne premien kan hentast hos Ryfylke i Råhusgata 21.

Svara på oppgåvene kan du lesa her:

Powered by Labrador CMS