Kristian Wahl Jensen (frå venstre), Olav Skogerbø Selvik og Vegard Tveit ønsker å bygge sykkelpark. Dei har fått med seg Sauda Sykkelklubb som støttespelar, her representert med Paul Løyning (nummer to frå høgre).
Kristian Wahl Jensen (frå venstre), Olav Skogerbø Selvik og Vegard Tveit ønsker å bygge sykkelpark. Dei har fått med seg Sauda Sykkelklubb som støttespelar, her representert med Paul Løyning (nummer to frå høgre).

Kommuneadministrasjonen ønsker at terrengsykkelparken blir bygd

Statsforvaltaren er imot terrengsykkelparken, men kommuneadministrasjonen ber politikarane i Sauda seie ja.

Publisert Sist oppdatert

Ei gruppe eldsjeler, med grunneigaren og Sauda Sykkelklubb på lag, ønsker å bygge ein terrengsykkelpark på Birkeland. Eldsjelene ønsker å skaffe finansiering og drive fram prosjektet sjølv. Sykkelparken skal vere eit lågterskeltilbod og skal ha ulike løyper som både passar for barn, men også dei som har gode sykkelferdigheiter.

Ein grunneigar stiller eit skogsområde til disposisjon og Sauda Sykkelklubb har stilt opp med eigne oppsparte midler for å hjelpe eldsjelene i gang gjennom prosjekteringsfasen.

Men Statsforvaltaren i Rogaland stilte seg negativ til planane. Statsforvaltaren viser til at Storelva med gyteområde for anadrome laksefiskar er like ved. I tillegg viser statsforvaltaren til at artane sandsvale og granmeis er observert i området og at desse er raudlista. Statsforvaltaren er også bekymra for at terrengsykling kan skade røter til barskog, sidan løypa skal gå der det er skogsterreng nå. Statsforvaltaren meiner derfor at Sauda kommune ikkje bør gi dispensasjon til at det blir etablert sykkelpark i dette området.

Eldsjelene viser til at gangvegen rett ved fungerer som ein voll og derfor ikkje medfører avrenning til elva. Dei vil også unngå arbeid i gyteperioden, samt sette opp fuglekasser. Dei største trea vil ikkje bli fjerna og røtene vil bli dekka til med fiberduk.

Kommuneadministrasjonen meiner dei avbøtande tiltaka er gode nok og meiner derfor at fordelene med at det blir etablert sykkelpark er større enn ulempene. Dei meiner derfor at lokalpolitikarane bør seie ja til søknaden. Saka skal opp i Utval for samfunnsutvikling tysdag denne veka.

Powered by Labrador CMS