bergen

– Netflix trakkar på ein allereie hardt prøva minoritet

Som pappa ser ein litt av kvart av underhaldning for barn i dei mange kanalane dei små har tilgang til. No har Netflix gått for langt.

Publisert Sist oppdatert

Vi snakkar ikkje lenger om valet mellom NRK Super og Cartoon Network. No er det Reels-videoar på Facebook, Netflix, HBO, Amazon og YouTube, for å nemne ein brøkdel. Eg skal ikkje ta rollen som sjokka og vonbroten forelder som synst alt var betre før, for det var det på ingen måte. Eg har imidlertid ei velfødd høne å plukke med ein av dei største av strøymetenestane vi har, nemleg Netflix.

I ei tid der den politiske korrektheita gjennomsyrar det aller meste av både kommunikasjon og underhaldning her til lands, er det sjokkerande at eit selskap av dette kaliberet utan å blunke, går til frontalangrep med ondsinna mobbing mot ein allereie hardt prøva minoritet.

Eg siktar sjølvsagt til den ”koselege” filmen Trolls, der små, fargerike, musikalske og strålande glade ”lykketroll” svevar gjennom kvardagen utan ei bekymring i verda, med eitt mørkt og vondt unntak. Dei små fargeklattane blir nemleg jakta på av ei befolkning av gråfarga, skabbete og ustelte troll med daude blikk og vedvarande mørkt humør. Desse trolla har filmskaparane valt å kalle ”Bergenserar”. Det stinkande hølet av ein landsby som desse onde vesena lever i, har ein kalla ”Bergen by”.

Kjære Netflix. Korleis skal eg forklare dette for mi sju år gamle dotter? Ho som står opp og møter kvar dag med optimisme og pur livsglede? Ho som ler seg skakk når dei stygge bergenserane blir håna, trakka på og utspelt av dei små, fargerike hårdottane? Korleis skal eg makte å sjå mi litle jente i auga og seie at ”Du er også ein bergenser, skatten min. Både du og eg er bergenserar, frå Bergen by”. Eg har ikkje hjarte til å ta den praten ennå.

Her er eit par hendingar frå andre delar av vårt kalde land:

* Bebuarar i Jilin-provinsen i Kina filma 30. desember ein gjenstand som flaug mot himmelen like over grensa mot Sør-Korea. VG skriv at det sjølvsagt blei snakka om at dette kunne vere ein UFO, men fortel samtidig at det blei gjort ei prøveoppskyting av ein rakett på det aktuelle tidspunktet, der det blei filma. Då er det mildt sagt imponerande av den same avisa å legge ut saka med overskrifta ”Filmer mystisk UFO”.

* Denne våren skal Ferde justere prisane for å nytte Ryfast, fortel Stavanger Aftenblad. ”Dei som kjører el-bil risikerer et kraftig bompengesjokk”, skriv avisa. Hvis ”sjokket” er at dei må betale på same måte som oss andre, så trur eg at dei kjem i frå det med helsa i behald.

* Dagbladet har denne veka byta ut ein del artiklar med jenter som kler av seg, og erstatta dei med ei røys av artiklar om korleis ein kjem seg ned i vekt. ”Ned 13 kilo – metoden hylles”, ”Ned 46 kilo – metoden vekker oppsikt” eller ”Brødet som fjerner magefettet” er nokre av variantane. Min favoritt er imidlertid ”Kuttet ingrediens – ned 45 kilo”. Eg reknar med at den ingrediensen er livsglede.

* ”Heilt i grenseland gjennomsiktig”, skriv nettstaden SeHer.no om justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl denne veka. Nei, det handlar ikkje om politisk openheit. Ja, det handlar om ein kjole. Nei, den var ikkje heilt gjennomsiktig.

* Vekas godbit er det imidlertid Dagbladet som står for. Under eit bilde av ei kvinne står overskrifta ”Slik ser hun ikke ut”. Eg har sett både éin og to gonger på bildet. Jo, ho gjer vel det?

Powered by Labrador CMS