I dei fire første månadene var nettoeksporten av straum på 4,3 TWh. Framleis er det meir å gå på.
Geir Olsen / NTB
Nettoeksporten av straum er på sitt høgaste på sju år
I månadene januar til april vart det produsert 54,2 TWh straum. Vasskraft utgjer 88 prosent av dette, medan 10 prosent er frå vindkraft og 2 prosent frå varme, skriv
Europower.
Auka straumproduksjon kombinert med eit uendra forbruk er grunnen til den høge nettoeksporten. Noreg har eksportert netto 8 prosent av all straumproduksjon dei første fire månadene i år.
I ni av dei ti siste åra har Noreg hatt netto eksport på starten av året, skriv Europower. Også dersom ein måler i prosent av total produksjon, er eksporten den høgaste sidan 2016.
Sjølv om eksporten har vore høg, har ikkje det gått ut over den hydrologiske balansen (vassmagasin, snø og anna tilgjengeleg vatn). Samtidig er det store forskjellar mellom sør og nord. Per veke 18 var det i Nord-Noreg eit underskot i den hydrologiske balansen på 2,2 TWh, nær 3 TWh mindre tilgjengelege vassressursar enn normalt. I Sør-Noreg var det eit overskot på 7,1 TWh, klart meir enn 2,4 TWh som er normalt.