Røde Kors er i kontakt med mange familiar som mottar sosialhjelp. Fleire slit med å få økonomien til å gå rundt, fortel generalsekretær Anne Bergh.
NPK
Røde Kors: Over halvparten av foreldre på sosialhjelp slit med å gi barna det dei treng
70.000 barn i Noreg har foreldre som får sosialhjelp frå det offentlege.
Røde Kors har vore i kontakt med over 200 foreldre i familiar som får sosialstønad. Over halvparten seier at pengane ikkje strekk til for å dekkje behovet til barna, ifølgje Røde Kors-rapporten Til barnets beste».
– Vi frys om vinteren, og eg går svolten så barna mine skal sleppe. Det er ikkje nok pengar til mat og dei ekstreme straumprisane, seier éin.
– Ingen fritidsaktivitetar, gamle og utslitne klede, og frå tid til anna må vi hoppe over måltid, fortel ein annan.
– Tek ikkje nok omsyn til barna
Dette er ikkje historier som høyrer heime i Noreg i 2023, slår generalsekretær Anne Bergh i Røde Kors fast.
– Det økonomiske sikringsnettet i samfunnet må fungere og satsane må vere tilstrekkelege. Ingen barn skal måtte gå svoltne til sengs i Noreg på grunn av fattigdom, seier ho.
Statens helsetilsyn gjennomfører i 2022 og 2023 eit landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i Nav. Så langt er det publisert rapportar om 37 Nav-kontor. 29 av desse tek ikkje nok omsyn til behovet til barna, ifølgje tilsynet.
Berre fem Nav-kontor har komme gjennom tilsynet utan nokon merknader om lovbrot, ifølgje Røde Kors.
Fleire barn veks opp i fattigdom
Ifølgje Statistisk sentralbyrå har talet på sosialhjelpsmottakarar gått opp med nesten 10 prosent frå 2021 til 2022.
– Røde Kors har over fleire år sett at familiar med låg inntekt eller som får sosialhjelp, har udekte behov som kan skape utanforskap. Gratistilboda våre som Ferie for alle» og andre tiltak for barn og unge har stor pågang, og vi har dei siste åra også sett at vi må innføre måltid som del av tilbodet, rett og slett fordi deltakarane er svoltne, seier Bergh.