NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Per Ole Hagen i sogelaget: – Musikken blei redninga
Overingeniør, Per Hagen med kone, dottera Bente (10) og sonen Per Ole (8) kom til Sauda i 1961. Den første tida budde dei i Brekkeveien, men då direktør Prestrud reiste, rykka Hagen opp og flytta då naturlegvis inn i direktørbustaden i Kongsveien.
Per Ole var svært aktiv i musikkmiljøet og spelte i fleire band, blant andre i Memories med Odd Bjarne Kjellevoll, Morgan Skoglund, Nils Matland og Hans Arild Martinsen/Tangeraas. Me fekk høyra smakebitar frå øvingane deira på Folkets Hus i 1970, og me kan vel forstå Kjartan Fløgstad sin påstand i Dalen Portland (1977): «På dansane på Folkets Hus var gjerne fire generasjonar med, heilt til piggtrådmusikken kom og øydela, og jaga heim dei tre eldste, med elgitarar, forsterkarar, synthesizer og jentehår på gutar og songar med engelsk tekst.»
Oppveksten i Sauda ein blanda fornøyelse
60-talet i Sauda var ei uroleg tid med langvarige konfliktar på EFP som resulterte i streik både i 1962 og 1970. Me har nok alltid forstått at det kunne vera vanskeleg å vera son eller dotter til «toppane» på smelteverket, men aldri har eg høyrt det så tydeleg.
– På feil side av klasseskiljet. Kor skulle eg dra i 1971 då eg var ferdig på gymnaset? Jo, til Oslo fordi der var det ingen som visste kven eg var sonen til.»
Eg er ganske sikker på at dei jamngamle ungdommane til for eksempel Cato Eide, Nils Johan Matland og Olav Tenger Gusdal har hatt noko av den same kjensla.
Musikken blei redninga
Spelejobbane var viktige, ikkje minst trivelege møte med andre vaksne på Folkets Hus, blant andre vaktmeister Dahl. Elles var Per Ole ein spretten kar som imponerte oss høgdehopp i kroppsøvingstimane på gymnaset. Han hadde nemleg lært seg den nye Fosbury-stilen og hoppa faktisk 1,87 meter før musikken tok all fritid.
Student i 13 år
I studietida i Oslo kom han heile tida i kontakt med flinke musikarar som representerte mange ulike musikksjangrar. Visegruppa EPOS blei viktig, og med eigen buss var dei stadig på farten til nye festivalar.
– Å studera musikkvitenskap var bra for meg, men eg hadde jo ikkje tid til studier. Eksamen kom ofte litt brått på, og eg fekk sjølvsagt problem med Lånekassen og miltærtenesta.
På denne tida måtte Per Ole akseptera at han ikkje kom til å bli profesjonell musikar verken på fløyte eller gitar. Blant nye, spennande oppdrag og jobbar kan nemnast: Julekvelden på TV med Anne Cath og Jo Vestly, samarbeid med Jonas Fjeld, Ivar Simastuen, dirigent for Sosialistisk Kor og mange ulike undervisningsstillingar innan musikk.
Lærebøker om data, pop og rock har han også fått tid til.
Musikksjef i P1 og konsertfotograf
I perioden 1993-2009 var Per Ole musikksjef i P1, ein tøff jobb der du uansett blir skjelt ut og mobba. Som den lengstsitjande sjefen bygde han opp eit unikt nettverk som han i etterkant har dratt nytte av, blant anna samarbeidet med Steven Van Zandt.
Ved sida av musikken hadde Per Ole utvikla seg som fotograf, og i 2018 blei han kontakt av Getty Images. Dermed blei det ein ny krevande «pensjonistjobb» som konsertfotograf, men også med rojale oppdrag som under Kong Harald sin bortgang.
Austin og Nerja
Den aktive 73-åringen avslutta med bilde frå sine favorittstader, Nerja i Spania og Austin i Texas USA. I protest mot Trump hadde han ikkje vore i USA i år, og det blir heller ingen tur neste år. Familiebilde av kona, dottera og sonen avslutta ein strålande kveld med Per Ole Hagen, ein rutinert og trygg føredragshaldar med humor og full kontroll på alle digitale plattformer.
På spelarbørsen denne «historiske» kvelden, der over hundre var samla i Storesalen i Folkets Hus, var det to som fekk toppscore: Per Ole Hagen og Martin Ødegaard.
Kåre Rød, referent for sogelaget