ILLUSTRASJONSFOTO.
ILLUSTRASJONSFOTO.

Ryfylkes julequiz – del 1

Her får du 40 spørsmål å bryna deg på medan du ventar på den store dagen. Fasiten står lenger nede på sida.

Publisert Sist oppdatert

Og det hende i dei dagar…

1 Det nye testamentet i bibelen blir innleia med fire evangelium. Kven har skrive dei fire evangelia?
2 I kven sitt evangelium, finn ein teksten som i dag er kjend som juleevangeliet?
3 Kven var landshovding i Syria medan hendingane i juleevangeliet skal ha funne stad?
4 Og kven var keisar i romarriket?
5 Josef og Maria reiste frå Nasaret i Galilea til Betlehem. I kva provins (tidlegare kongedømme) låg denne byen?
6 Ifølge eit anna evangelium, fekk den nyfødde i stallen fint besøk austfrå. Om dei var kongar eller vismenn er uvisst, men dei hadde i alle fall gåver med til den vesle. Kva fekk Jesusbarnet i gåve?
7 Kva heitte dei heilage tre kongane?
8 Kva dato er heilage tre kongars dag, ofte markert med kross eller tre kroner på primstaven?
9 Kven var det, ifølge Lukas 1, som fortalde Maria at ho skulle føda guds son?
10 Kva status» har Jesus i Islam?

I byen

1 I kva norsk by finn ein bydelane Madla og Storhaug?
2 Og ved kva by finn ein landemerke som Rundemannen og Løvstakken?
3 To norske byar har Nidelva rennande gjennom kommunen. Kva byar?
4 I kva vestlandsby er Haraldsgata hovudgate?
5 Kor må du reisa viss du vil hoppa på ski i Lysgårdsbakkane?
6 Kva for norsk by blei grunnlagt i 1641, har eit kjend gatenett der gatene ligg vinkelrett på einannan og har i dag meir enn 113 000 innbyggarar?
7 Kva for norsk kommune har ein leirgauk i sølv på grøn bakgrunn i kommunevåpenet?
8 Kva for ein by blei den første i Norge med elektriske gatelys?
9 Og kva er rekna som Norges eldste by?
10 Kva norsk by fekk på 1800-talet tilnamnet Nordens Paris»?

I tv-ruta

1 Kva heiter TV Norge-julekalenderen» der familien Soot er samla på eit høgfjellshotell?
2 Macauley Culkin alias Kevin Macallister dukkar opp I tv-ruta kvar jul. Kva heiter filmane han har ei sentral rolle i?
3 NRK sender fleire konsertar der norske artistar speler saman med KORK. Kva er KORK?
4 Kva norsk komikar står bak serien Helt perfekt»?
5 Kva heiter hunden til Linda i Borettslaget»
6 Kva heiter kokken som gir faglege råd» i Fire stjerners middag»?
7 20 kjende nordmenn skal løysa oppgåver og utfordringar for å vinna ein stor sølvpremie. Tre av dei skal imidlertid villeia og eliminera dei andre spelarane. Kva heiter serien?
8 Kva heiter den prisløna norske skodespelaren som døydde 4. november, 95 år gammal?
9 Våren 2023 kjem ein ny sesong med kjendis-reality frå Setnesmoen leir. Kva heiter serien?
10 Kva organisasjon får inntektene frå TV-aksjonen i 2023?

Juniorklassen

1 Kva slags dyr er Bukkene Bruse?
2 Kva for eit dyr er verdas høgaste?
3 Kor bur frøken tante Sofie?
4 Kva heiter brørne til Espen Askeladd?
5 I kva for eit land er Paris hovudstad?
6 Kva er Skaulen for noko?
7 Kva farge får du viss du blandar blått og gult?
8 Kva slags dyr er Pumbaa i Løvenes konge?
9 Kva heiter bestevennen til Fantorangen?
10 Kva heiter serien der vi møter Marshall, Rubble, Chase og Rocky?

Fasit:

Og det hende i dei dagar…

1) Markus, Matteus, Lukas og Johannes, 2) Lukasevangeliet. 3) Kvirinius 4) Augustus 5) Judea 6) Gull, røykelse og myrra 7) Kaspar, Melkior og Baltasar 8) 6. januar 9) Engelen Gabriel 10) Ham blir omtala som ein stor profet (som utførte mirakel).

I byen

1) Stavanger 2) Bergen 3) Trondheim og Arendal 4) Haugesund 5) Lillehammer (bygd til OL i 1994) 6) Kristiansand 7) Sandnes 8) Hammerfest 9) Tønsberg 10) Tromsø.

I tv-ruta

1) Jul i Blodfjell 2) Hjemme alene 3) Kringkastingsorkesteret 4) Thomas Giertsen 5) Tommy 6) Ole Martin Alfsen 7 Forræder 8) Toralv Maurstad 9) Kompani Lauritsen 10) Redd Barna.

Juniorklassen

1) Geit (-ebukkar) 2) Sjiraff 3) I Kardemomme by 4) Per og Pål 5) Frankrike 6) Eit fjell i Sauda 7) Grønt 8) Eit vortesvin 9) Eddie 10) Paw Patrol

Powered by Labrador CMS