Leiar i idrettslaget Ny Von, Jon Ove Mehus, er imponert over kor mange saudabuar som er med på Stolpejakten.
Leiar i idrettslaget Ny Von, Jon Ove Mehus, er imponert over kor mange saudabuar som er med på Stolpejakten.

Stolpejakten tar av i Sauda

Over 1 000 personar har registrert seg som stolpejaktarar i Sauda i 2023.

Publisert Sist oppdatert

Stolpejakten er inne i sin tredje sesong i Sauda. 40 stolpar er plassert ut og kven som helst kan bli med på friluftsaktiviteten utan at det kostar noko. Mange av stolpane er lett tilgjengeleg, men skal ein oppsøke samtlege 40 stolpar må ein også innom nokre få fjelltoppar.

Det første året deltok 443 personar og i fjor deltok 837 personar. Så langt i år har over 1 000 personar registrert seg. Det er idrettslaget Ny Von som er arrangør. Ny Von-leiar er gledeleg overraska over at Stolpejakten har blitt så populært i Sauda.

I januar presenterte avisa Ryfylke 12 spådommar lesarane skulle ta stilling til. Den eine spådommen var: Over 1 000 personar registrerer seg på Stolpejakten 2023 i Sauda.

– Kva svara Ny Von-leiaren på det i januar?

– Hahaha! Eg svara nei, men Kjellfrid (kona) svara ja. Eg synest at det var så mange som blei med i fjor at eg tenkte at me skulle vere fornøgd viss like mange blei med i år også, seier Jon Ove Mehus.

– Kvifor har Stolpejakten blitt så populært i Sauda?

– Først og fremst er det eit lågterskeltilbod som alle kan bli med på. Det er gratis. I tillegg varierer me kvart år kor me sett ut stolpane. Eg trur det triggar folk. Dei vil oppleve nye plassar, seier Mehus.

Det er premiar til dei som oppsøker flest stolpar, men også fleire trekkepremiar til alle som deltar, uansett kor mange stolpar dei oppsøker.

– Dette handlar ikkje om å oppsøke flest stolpar, men å kome seg ut, seier Mehus.

Han opplyser at fleire alt har oppsøkt alle 40 stolpane.

– Eg er veldig imponert. Stolpane står ute til 1. november. Her er det bare å hive seg med for dei som ikkje har gjort det ennå. Det er ennå ikkje forseint, seier Jon Ove Mehus.

Sauda Turlags Waldemar Olsen og Ny Vons Kjellfrid Mehus ved ein av stolpane i årets sesong. Den er merka som grøn» og enkel og er plassert ved varden ved Saudahallen.
Powered by Labrador CMS