To golfturneringar på éin dag
Søndag er det turnering både på 9-holsbanen på Grønsdal og på minigolfbanen ved Andedammen.
– Me drar i gang ei parturnering denne gongen, der to personar utgjer eitt lag. Dette er for familiar, venner, kompisar og kollegaer. Det er meldt kjempebra vêr og det er flotte forhold, fortel Nils Jarle Sandanger i Sauda minigolf.
Parturneringa på minigolfbanen på søndag er ei såkalla Greensome-turnering, der begge spelarane slår ut frå utslagsområdet og deretter vel kva ball dei vil spela vidare på. Ein må ikkje vera ekspert på dei spesielle spelereglane for å delta.
– Spelarane vil få utdelt reglane, det vil gå heilt fint, forsikrar Sandanger.
For å delta kan ein melda seg på i dagane før, og seinast éin time før turneringa startar søndag.
Heile denne veka vil minigolfbanen vera open, slik at folk kan få øva seg fram mot turneringa. Banen og kiosken vil vera open kvar ettermiddag og frå klokka 12.00 til klokka 20.00 på laurdag.
Minigolfturnerninga på søndag må ikkje forvekslast med kåringa av Saudameister i minigolf.
– Nei, den kåringa gjer me på hausten, seier Nils Jarle Sandanger.
Svein Ilstad er regjerande Saudameister i minigolf.
På søndag er det også golfturnering på 9-holsgolfbanen på Grønsdal. Her blir det ei singelturnering, både brutto og netto, der bruttoresultatet blir antal slag brukt på 18 hol og nettoresultat blir slag minus tildelte slag etter spelehandikap. Den lokale golfklubben varierer på turneringsformata under arrangementa sine under Saudadagane.
– I fjor hadde me 20 deltakarar på turneringa under Saudadagane. Før korona, i 2019 og i 2018, hadde me høvesvis 36 og 28 deltakarar på turneringa under Saudadagane, fortel Knut Atle M. Seim i turneringskomiteen til golfklubben.