Ung kulturfest i storstova – danseteam, kor og syngande pianist til fylkesfinalen
Vanskeleg for juryen å plukka ut fylkesfinale-deltakarar, måtte ha eit ekstra tenke-døgn.
(I videoen: Sauda Soul Children med Kunsten».
Kulturlivet i Sauda ser ut til å gå gode tider i møte! Laurdagens lokale mønstring i UKM, Ung Kultur Møtes, blei ei kulturell feststund med dans, song og spel – alt framført av unge saudabuar.
Rekordhøge 21 påmelde nummer og 63 utøvarar inntok scenen i Storesalen i Folkets Hus etter tur, der dei saman gav publikum ei flott og variert framsyning.
For juryen som hadde i oppgåve å senda tre av innslaga vidare til fylkesfinalen i Sandnes i april, blei inntrykka så mange at dei bad om ein dag ekstra tenketid for å landa finaleuttaket.
Scenevande
Med stor variasjon i alder og arbeid som er lagt ned i øving, er sjølvsagt nivået på det som blir framført varierande. Det skulle bare mangle! Det som likevel er imponerande, er kor trygge dei unge aktørane er på scenen. Samtidig utstråler kvar og ein både glede og energi som smittar over på kvarande – og på publikum. For publikum var med på moroa og gav god respons.
Humor og dans
Ingrid Fatnes og Ane Søndenå Schibevaag hadde oppgåva som kveldens konferansierar. Dei to krydra presentasjonane av kveldens innslag med humor og sjølvironi og bestod oppgåva med glans.
Kvelden blei innleia med fire danseinnslag. Først femteklassingane i The Raindancers» som dansa til Gabrielles Comme ci comme ca». Deretter sjetteklassingane i Hiphop Queens» som hadde Slå hjerte slå» av Chris Holsten som tonefølge.
15-åringane Jonas Enlid, Kasper Fatnes Skaarer og Kriståffer Ness Årtun i 66,66% drummers» fekk bra respons frå publikum for sitt danseinnslag, før ei stor 7. klasse-gruppe, The goldne star dance crew» avrunda dansebolken.
Soul-trøkk
Dei fire første songnummera for kvelden kom frå soul-gjengen til Grete Kroka Landa. Soul Teens starta med Oslo Soul KIds–låten “Symphony”, før Soul Children framførte “Kunsten” av Team Sulebakk.
To av souljentene var også påmeldt med kvar sitt solunummer. Åsne Stensvåg Seim med “Treat you better” av Shawn Mendes og Vanessa-Linnea Risvold med eigenkomponerte Every summer leads to fall.
Flygeltonar
Åtte av kveldens nummer inkluderte det store Steinway-flygelet som står på Folkets Hus.
Hiyab Dlbantu Yayu innleia denne avdelinga ved å framføra Happines does not wait” av Olafur Arnalds. Annike Helene Årthun spelte Amelie», musikk frå filmen av same namn. Leah Ljung baud på Wild side» av Roberto Cacciapaglia før konferansier Ingrid Fatnes sette seg til flygelegt og framførte Canon i D» av Johann Pachebel.
Så var turen komen til lillesøster Liva Fatnes, som både song og spelte Adeles Someone like you», før Vår Steen Jensen gjorde det same til James Arthus Can I be him».
Jensen blei deretter sittande ved flygelet då Liva Øverland Ringhagen song Han er ikkje deg», nyleg framført av Ingebjørg Bratland i Hver gang vi møtes».
Koret Korelia, med Ane Schibevaag Søndenå, Eilin Handeland, Inger Kristine Ringhagen, Ingrid Fatnes, Liva Fatnes og Liva Øverland Ringhagen avrunda kor & klaver-stunda.
Heilt til slutt var det bandet Lost’n found» sin tur til å rocka lokalet med den gamle Creem-klassikaren Sunshine of your love». I bandet speler Kriståffer Næss Årtun (trommer,), Iver Sørland (gitar), Mikail Emin Tungland Simsek (bass) og Inger Kristine Ringhagen (vokal).
Heile kvelden blei for øvrig filma, og dei som ikkje var til stades før gjerne høve til å sjå heile framsyninga, presentert av Espen Håheimsnes og Mikail Emin Tungland Simsek som var på plass med kamera.
Utsette juryavgjerda
Då juryen etter eit lite kvarters rådslaging skulle presentera nummera som skulle sendast vidare til fylkesfinalen, måtte juryleiar Eva Bendiksen medgi at dei ikkje hadde klart å komma fram til ei avgjerd.
Den var først klar søndag ettermiddag. Då kunne kulturskulerektor Eli-Jorun Tangeraas sleppa nyheita om kven som var dei heldige.
− Dei som får representera Sauda i fylkesfinalen er Vår Steen Jensen, dansegruppa 66,66% drummer» og Sauda Soul Teens. I tillegg vil me nominera konferansierane og medieteamet, så det kan godt henda det blir Sandnes-tur på dei også, seier Tangeraas.
Ho forklarer at årsaka til at juryen trong tid, var at det var mange deltakarar og høgt nivå i årets mønstring.
− Eg er så imponert over nivået. Ungdommane tør verkeleg å by på seg sjølv. Og så er det gledeleg at mange utanfor kulturskulen òg deltar. Eg er veldig fornøgd med deltakinga og med arrangementet, seier kulturskulerektoren.
Fylkesfinalen går av stabelen i Sandnes 22. april.