Det var fine forhold og bra med fisk å få i Holmavatn då Sauda jeger- og fiskerforening arrangerte camp.
Det var fine forhold og bra med fisk å få i Holmavatn då Sauda jeger- og fiskerforening arrangerte camp.

Ungdommane overraska over både torevêr og fiskelykke

15 ungdommar var med på den første SJFF-campen ved Holmevatn. Der fekk dei både aure og overraskingar frå himmelen.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje bare blant den vaksnaste delen av saudabefolkninga at interessa for friluftsliv, tur og fiske er i oppblomstring. Også mange av dei yngre saudabuane er glad i å bruke dei mulegheitene fjella og fjorden tilbyr. For omlag to veker sidan arrangerte Sauda jeger- og fiskerforening ungdomscamp ved Holmevatn. Dei fekk låne Saudefaldenes hytte ved vatnet, og fekk ei helg med både fisk og spenstig vêr.

– Vi starta turen med å kjøre frå klubbhuset og opp til Førstavann. Derifrå gjekk vi omlag ein time opp til Holmavatn. Vel framme på hytta pakka vi ut soveposane og begynte på tacoen. Dei ivrigaste fiskarane var kjapt i gang med fiskinga, fortel Karin Øvrebø-Gauthun, som var ein av fem vaksne turleiarar på campen.

Torevêret kom

Det var 15 ungdomar som hadde melde seg på og blitt med til Holmevatn. Øvrebø-Gauthun fortel at laurdags morgon var ein flott dag å vakne til oppe på fjellet.

Holmevatn hadde flott aure å by på.

– Det var fint vêr, vindstille og opphaldsvêr. Alle som ville, fekk vere med ut i båt for å trekke opp garn. Også kanoane blei brukt flittig denne dagen. Vi fekk ein del fisk, og nokre av dei grilla vi på bålet til lunsj. Uvêret kom over oss på kveldinga, og då Tor» hamra på som verst, rømte vi inn i hytta for kvelden. Der laga vi oss god mat og fann fram godteri og kortstokk. Søndag morgon vakna vi til tåke og regn, men vi pakka oss ut av hytta og rusla ned til bilane, fortel ho.

Øvrebø-Gauthun skildrar campen som flott og full av gode opplevingar for både store og små.

– Dette var første gang vi arrangerte camp i Sauda. Dette vil vi gjennomføre kvart år fremover. Takk til Saudefaldene for lån av hytta, avsluttar ho.

15 ungdomar var med på Camp Holmavatn.
Powered by Labrador CMS