COLOURBOX12332313

Veka som gjekk (utanfor Sandeid)

Nei, eg står over. Med unntak av nokre høgst tvilsame år som singel i min ungdom, har eg klart meg særdeles bra i livet utan å danse.

Publisert Sist oppdatert

Med fare for å høyrast ut som ein sjølvhøgtideleg fjompenisse, så må eg innrømme at eg heilt sikkert er ein sjølvhøgtideleg fjompenisse. Ein fjompenisse utan antydning til elegant koordinasjon på armar og bein, og med ei generell motførestilling mot å demonstrere kroppsbevegelsar som ville få folk i nærleiken til å ringe naudnummeret.

Eg forstår ikkje dansing. Det gir ikkje meg sjølv noko, og eg er i alle fall trygg på at synet av meg på dansegolvet ikkje gir nokon andre noko heller. Kvifor er det då alltid nokon som på død og liv vil ha oss ikkje-dansarar ut på dansegolvet? Vi har tatt eit val, på same måte som ein ikkje-røykar, avhaldsperson eller ateist. Vi vil ikkje vere med på dette, og vi vil ikkje bli pressa ut i eit uføre som vi ikkje veit enden på.

Ein ikkje-dansar kan nemleg like lett som nokon andre hamne ut på kjøret. Det som startar som ein høflig gest i eit selskap, eit motvillig ”okei då, bare denne songen”, kan fort ende opp som ei blytung avhengigheit der ein ikkje lenger forstår forskjellen på rett og galt. Plutseleg står ein der i treningsdress og boots, rådvill, på ein dansebandgalla i Ringsaker. Då er det for seint.

Denne spalta får seg no ein liten sommarpause, men kjem att når den første snøen legg seg i august-september. Her er eit par nyheiter frå veka som gjekk:

* Nye bilde av prinsesse Latifa, som er dotter av Dubais herskar Mohammed bin Rashid Al-Maktoum, har denne veka blitt publisert i sosiale mediar. VG skriv at det lenge har vore spekulert i om Latifa har vore halde som gissel av far sin, men nye bilde frå ulike storbyar avkreftar altså dette. I tillegg til å vere herskar i Dubai, er faren både statsministar og visepresident i Dei sameinte arabiske emiratar. Eg tenker at ein må vere såpass, om ein heiter Al-Maktoum.

* Khloé Kardashian innrømmer denne veka å ha tatt kosmetiske inngrep for å ”rette” på utsjånaden. Dermed treng ho mindre tid til photoshop, og får meir tid til overs til å handle fleire vesker og publisere fleire bilde av seg sjølv. Og det vil vi jo alle ha meir av.

* Bergens Tidende skriv denne veka at sporarbeid og sommarruter har ført til smekkfulle vogner på bybanane. Bergensarane klagar si naud over å måtte stå som sild i tønne, og det er sett opp ekstrabussar i rushtida for å handtere alle passasjerane. Alternativet er hundrelappar i bompengar og timar i kø, noko dei færraste orkar. Eg synest ikkje bergensarane skal klage så høgt. Det er nemleg ikkje meir enn nokre dagar sidan eg blei ståande i morgonrushet då eg skulle ut frå Svandalsvegen. Ikkje éin. Ikkje to, men TRE bilar måtte eg vente på, før eg fekk køyrt ut på hovudvegen. Her må kommunen på banen.

* Regjeringa vil stramme inn røykelova ytterlegare, melder dei største avisene i landet. Dei ønsker blant anna å gjere det ulovleg å røyke i bil med barn, samt på haldeplassar, idrettsanlegg og leikeplassar. Å gjere røyking i bil med barn ulovleg er i seg sjølv greitt, men å nekte ungane å ta seg ein velfortent blås etter ei tung økt på leikeplassen, det synest eg blir i overkant strengt og inngripande.

* Regjeringa letta denne veka drastisk på restriksjonane for arrangement, men fryktar no at den meir smittsame delta-varianten av viruset vil skape hendingar med massesmitte. Eg vil minne om at det finns ein enkel og trygg måte å unngå delta-varianten, nemlig å ikkje delta.

Powered by Labrador CMS