NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Gunn Bastlien (høgre) og Merete Espevik frå Fabel presenterte klede for både kvardag og fest.

– For ein kveld det blei

Nok ein gong greidde Zonta-klubben i Sauda og samle fullt hus i storsalen på Folkets Hus til sitt opne møte.

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen hadde klubben invitert til framvising av klede frå Fabel, der Merete Espevik og Gunn Bastlien fortalte pumlikum om dei ulike plagga som blei vist fram.

Invitert var også Anita Svendheim som fortalte om prosjektet «Themba Hope» i Zimbabwe.

Då gjestene kom møtte dei ein festpynta sal med runde bord dekka med fint service.

Ina Frogner var kveldens møteleiar, og ho ønska kvar og ein av gjestene hjarteleg velkomen før ho ga mikrofonen vidare til to saudajenter som gleda publikum med fin song.

Anita Svendheim fortalte om si reise til Zimbabwe og opprettinga av prosjektet "Themba Hope Project."

Ordet gjekk så vidare til Anita Svendheim som fortalte om si reise frå Suldal til Zimbabwe og opprettinga av Themba Hope Project, under mottoet «Ingen kan hjelpa alle, men alle kan hjelpe nokon».

Gjennom dei 15 åra Anita Svendheim har leie dette prosje har  hundrevis av born og kvinner fått hjelp til å møta ein vanskeleg kvardag.

Anita Svendheim var elev ved Sauda Vidaregåande skule, og etter end eksamen hadde ho eit mål, å komma seg så langt ut fjorden som mogleg. Tilfeldig var det at ho hamna i Zimbabwe. Alt ho såg der gjorde at hu, då ho kom heim igjen, starta organisasjonen «Themba Hope Project». Seinare har prosjektet sørga for skulegang til barn, hjelp til mødre, hjelp og søtte til menneske som ikkje har nokon heim, men som bur på gata. – Vi gjer det vi kan og støttar der vi ser at det trengs mest, fortalde Anita Svendheim

Ho fortalde også om då ei gruppe born frå barneheimen kom ti Noreg og «Norway Cup».  Ei fantastisk oppleving for desse borna.

Då det var tid for manequengoppvisning stilte Zonta sine eigne medlemmer opp og viste klede frå Fabel. Her var det noko for ein kvar smak.

Loddsalet gjekk godt, og mange kunne gå heim med fine gevinstar. Alle gevinstane var gåver frå handelsstanden i Sauda. Store delar av overskotet frå loddsalet vil gå til «Themba Hope Prosect».

Takk til alle for ein strålande kveld.

Powered by Labrador CMS