NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Lars Olav Fatland skodar utover salen og ventar på lyd i mikrofonen. Foto: Kåre Rød. Nils Kristen Herheim syng si eiga vise om Ryfylkebudet.

Lars Olav Fatland med lupe på Ryfylke gjennom 100 år

Det var som venta fullsett i storsalen på Folkets Hus då Lars Olav Fatland gav oss kortversjonen av avisa Ryfylke sine 100 år.

Publisert Sist oppdatert

Læraren, historikaren og forfattaren frå Suldal losa oss gjennom lokalavisa sine oppturar og nedturar på sin lune måte. Det er likevel på sin plass å nemna at Lars Olav har hatt mesteparten av arbeidsdagen sin på ulike alderstrinn i Sauda-skulen. I boka Motstraums frå 2017 kan me også lesa om oppveksten hans på Birkeland med husbygging på Egne Hjem før familien i 1953 bokstaveleg talt motstraums flytta frå pulserande industristad til veglaus fjordbygd.

 Lars Olav starta med å nemna tre viktige 100-åringar: Ryfylke, Fløgstad skule og Sauda sjukehus. Ryfylke har frå starten i 1926 hatt 17 redaktørar og om lag 100 medarbeidarar. Det er verdt å merka seg at avisa i dag berre har fem tilsette mot vel sju årsverk i 1996. Kvar torsdag kjem det nå ut ei avis på 24 sider pluss oppdatert nettutgåve, og med korte tidsfristar og rykande ferske nyheter kan det garantert gi redaktør og dagleg leiar, Ingvil Bakka, travle dagar og stort ansvar. Som Ingvil vanlegvis uttrykker seg: «Det kokar her.»

 Oppstarten

Alt i 1925 hadde nokon stukke hovuda saman i ei slags lokal tankesmie i hagen til Hans Hylen i Kalhagen. Ulike idear tok form, og på møte i april 1926 kjøpte 30 interesserte kvar sin lut (aksje) til 50 kroner. I styret sat tre frå Sauda og to frå Sand, og den første avisa kom ut 5. juni 1926 med Johan Veka som redaktør det første halvåret. Ryfylke kom ut kvar laurdag, kosta fire kroner per år og hadde tre føremål: Målsak, ungdomslagssak og fråhaldssak. Maktkamp og rettsak mellom Toralf Fanebust og Jon Fatnes førte til uro og hyppige redaktørskifte dei første tiåra. Papirmangel i korte periodar skapte vanskar for å gi ut avisa, og Ryfylke kom heller ikkje ut mellom oktober 1942 og 11. mai 1945.

 Modernisering i 1979

Frå 70-årsjubileumet i 1996 skriv Wenche Pleym:

– Den desemberdagen i 1973 eg for første gong trødde inn i Ryfylke sin redaksjon som journalist, var dei tekniske hjelpemidla omtrent lik null. Avisa hadde ein skrivemaskin, men den hadde revisoren lånt. I redaksjonen blei manuskripta handskrivne og levert ned på trykkeriet der dei blei omforma til bokstavar, ord og setningar i blyskrift. Dei fleste av oss huskar kanskje russen sin parodi av Arvid Horpestad med Ryfylkes firmasykkel.

Det var Sauda Boktrykkeri som i 1979 investerte i datautstyr og offsettrykk og «tvinga» Ryfylke inn i dataalderen, først ved innkjøp av typografiske datamaskinar, seinare Macintosh.

«Alle» i salen som hadde jobba for Ryfylke.

 Bilde i avisa

Bilde i avisa var sjeldan kost, stort sett berre av dresskledde menn som hadde bursdag. Det første fargebildet kom på trykk på framsida i august 1995, og ni år seinare kunne ein finna fargebilde på alle sider. I fjor haust kom endå ein ny teknisk revolusjon i Ryfylke som visstnok sette både tilsette og nettabonnentar på ein real tålmodsprøve. Resultatet blei godt, og vil ein overleva i denne bransjen, må ein henga med i utviklinga.

 Redaktørar

Av ulike årsaker startar me i 1949 med Nils Fløgstad som representerer «vaksenlivet» i Ryfylkes historie. Han var ein markant redaktør med kvass penn, svært opptatt av nynorsken og jobba for å få meir lokalt stoff i avisa gjennom «Auga som ser» og «Laust og fast.» Fløgstad blei tidleg sjuk og døydde i 1958, berre 43 år gammal.

Kona, Dagny Salveson Fløgstad (1915-1999), overtok og var både redaktør og forretningsførar i 21 år. Som første kvinne i redaktørstolen gjekk ho til verket med imponerande pågangsmot og kondisjon. Ingen avisbud kan gløyma når Dagny talde opp avisene til kvart bud, prata og røykte i eitt kjør. Ho hadde også sterke meiningar og var ikkje alltid heilt på linje med det sosialdemokratiske Sauda. Lars Olav kalla denne perioden for «Mot eit vippepunkt.»

Eimund Ringhagen hadde ei kort karriere som redaktør før han gjekk tilbake som journalist, og Wenche Pleym kom inn som ei stødig, stabil kraft i nærare 20 år heilt til 2000.

Tidlegare redaktør Wenche Pleym med full konsentrasjon gjennom halvannan time.

Då overtok Geir Høiland roret med lokal identitet og ein heller uvanleg redaktørbakgrunn. Geir hadde vore sjømann, industriarbeidar og musikar saman med Reidar Brendeland. I 2010 overtok Linda Merethe Lie før Edd Meby fungerte som redaktør ein kort periode fram til 2018. Så var Knut Atle Seim sjef fram til dagens redaktør, Ingvil Bakka, rykka opp frå stillinga som nestleiar i redaksjonen i 2023.

 Lokalisering

Ryfylke starta i Ivarshuset nedanfor dagens RL Fashion før det blei ein tur til Kaffistova og retur til Ivarshuset. Frå eiga tid som bud meiner eg me fekk avisene av Dagny i det vesle huset mellom posten/telegrafen og kiosken til Finn Isaksen, men kontoret var i Åstrand, i Maldalshuset som seinare brann.

I 1986 kjøpte Ryfylke sitt eige hus i Skulegata, eit steinkast frå Turnhallen. Det var ikkje eit praktisk avishus, og dei hadde derfor planar om å byggja sitt eige hus då Skipsekspedisjonen kom for sal i 2003. Her på kaien i utkanten av sentrum heldt Ryfylke til i nesten 20 år før lokala til Sauda Sparebank blei ledige i Rådhusgata i 2023.

 Økonomi og distribusjon

Lars Olav hevda at Ryfylke har solid likviditet gjennom statleg mediastøtte, abonnement og annonser, men dette er jo ein evig kamp med stadige endringar og nye sosiale medier. Det er eit par år sidan posten overtok distribuering av Ryfylke og andre aviser, og hæren av Dagnys disiplar er historie. Nils Kristen Herheim si framføring av Budet frå 2016 var eit flott supplement til Lars Olav sitt innhaldsrike føredrag.

Jobben som avisbud gjekk ofte i arv, og det kunne bli litt ekstra inntekt når prisen var 20 øre i laussal, og folk betalte med ein 25-øring. Å ha avisruta utanfor fabrikkporten og på Torgheim var av ulike årsaker ekstra innbringande. Sjølvsagt låg det også ei sosial trening i å banka på og møta nye menneske og ukjent «matos» i forskjellige hus.

 Brann og «arbeidsulykker.»

Brannen på Kløver i desember 1977 skapte vanskar for Ryfylke fordi trykkeriet i kjellaren fekk store vass-skader. Positive krefter, gode kontaktar, dugnadsånd og eit handlekraftig styre redda situasjonen. Lars Olav nemnde spesielt Tor Geir Molla og Åge Rødsås som trivelege og humoristiske styreleiarar.

Mange faktorar er viktige for at arbeidsfellesskapet i ei lokalavis skal skapa gode produkt, og av og til går det galt, med eller utan vilje. I ein dødsannonse stod det blant anna at gravferda ville bli avslutta med leik og dans. I referat frå Høgremøte kunne ein lesa at partiet ville ha bort eigedomsretten (i staden for eigedomsskatten)

Lys (annonser) i Ryfylke blei endra til Nys i Ryfylke, og kanskje kan me skulda på ein ung Arne Fjørtoft eller ein endå yngre Eimund Ringhagen?

 Temaskifte

I Ryfylke sin barndom prøvde avisa å dekka eit større geografisk område, men i dag er mesteparten av stoffet henta frå Sauda. Primærnæringane, nasjonale hendingar og kongefamilien hadde også stor plass dei første åra, men etter streikane på fabrikken i 1962 og 1970 blir det meir industristoff, blant anna om hobbybøndene som kvilte seg på fabrikken gjennom lemminga og slåtten. Det solidariske Sauda og San Juan del Sur blei aktualisert, blant anna gjennom Fair Trade.

Ryfylke må reflektera samfunnet, og då må abonnentane få informasjon om sjukehus, ølservering, veisaker, skulestruktur og ammoniakk. Det vil det vera vanskelege grenseoverganger når det verkeleg kokar, og her meiner Lars Olav at Ryfylke er på sitt beste.

Kulturstoff og kjendisar krev sin plass, og folk vil vita meir om Kjartan, Bjørn, Hildeborg, Vilmer og Elias. Godt vaksne lesarar vil gjerne mimra seg gjennom vår musikk- og revyhistorie og lesa om Eide, Gilje, Vesla, Bjedne, Arthur, Leiv Arild og Bernt.

«Dei som har noko med det,» kommunetoppar og byråkratar, må naturlegvis tåla omtale, og idretten er ein viktig del av kvardagslivet, ikkje minst med fokus på folkehelse og uførestatistikk.

Nyetableringar er populært lesestoff for mange, og Lars Olav nemnde spesielt Brødrene Selvik i samband med at både Olav og Nikolai nå er borte. «Selvikane» er 60 år etter ein tøff start, og entreprenørane har vist seg å vera jordnære og framoverlente med «romsleg personalpolitikk.»

 Sauda er avhengig av Ryfylke

Kvar dag må journaliststaben ta vanskelege val, og passa seg for «Ver varsam-plakaten» og PFU. Lars Olav nemnde alle tannhjula i prosessen for eit godt produkt. Han rosa nokre journalistar for gode, levande portrett, og han understreka den viktige jobben Jard Austerheim hadde utført som mangeårig reinhaldar. To svært sentrale medarbeidarar, Wenche Pleym og Arvid Horpestad har fått Norges Vels medalje for lang og tru teneste og ekstra innsats som språkvaskar og nynorskbrukar.

Ryfylke skal også i framtida fremja nynorsken, men har lokalavisa ei framtid? Lars Olav var ikkje i tvil og viste til ei utgreiing av tidlegare redaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland.

– Me treng ei lokalavis med ei felles referanseramme. Ryfylke er ein viktig friskluftventil for identitet og fellesskap, avslutta Lars Olav, til langvarig applaus frå salen.

Powered by Labrador CMS