NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Med hestekrefter i skogen
Laurdag 24. januar var det duka for samling av hestekrefter i skogsarbeid i regi av Sauda og omland Dølahestlag i Maldal.
Trass elleve minusgrader vart det godt oppmøte med hestar og tilskodarar frå Sauda, Suldal, Sandeid, Vats og Etne. Arrangementet hadde god spreiing i alder med tilskodarar frå 11- 84 år, og unghestar frå tre år og opp til erfarne hestar på 14 år.
Arrangement som dette på nye plassar med fleire hestar samla og arbeid i ulendt terreng er rekna som noko av den beste miljøtreninga dyra kan få, For hestekarar og -kvinner som til dagleg går mykje i eige selskap gjer det godt å treffa likesinna og dela erfaringar og kunnskap. Etter kvart som hestar og kuskar var gode og sveitte var det tid for grillmat med påfølgende kaffi og skrøner, som ikkje gjer seg på trykk, rundt bålet .
Sauda og omland Dølahestlag jobbar målretta med avl og oppdrett lokalt og retta mot nasjonalt lag. Dølahesten, som er èin av fire nasjonale hesterasar, er i dag rekna som utryddingstrua, og difor kategorisert som bevaringsverdig rase, noko som gjer at kvart individ tel. Dølahestlaget har som mål å nå ut til fleire og få til ein auke i populasjonen lokalt og nasjonalt. Nye medlemmer er hjarteleg velkomne.