NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Linda Dolmen blei overraska og rørt ved avdukinga av stolen.

Tok til tårene av stolgåve

Under julemøtet i Husfliden fekk Linda Dolmen overrekt ein stol som takk for samarbeidet med klesbutikken.

Publisert

Torsdag var det julemøte i Speidarhuset, og denne kvelden var det sygruppa, «Søm Du Vil», som hadde regien. Det var Bente Dolmen Wigelius som ønska dei 30 frammøtte velkommen før ho fortalde om bakgrunnen for prosjektet som gruppa har jobba med det siste halvåret.

Det heile starta med at Linda Dolmen og R&L Fashion kjøpte bokhandelbygget og flytta inn i Rådhusgata i november i fjor. Velinformerte kjelder kan fortelja at det i klesbutikkar lett hopar seg opp haugar av kler som det er feil med eller som kundar er misnøgde med eller ikkje vil kjøpa.

Kva gjer så butikkeigaren med dette? Sjølvsagt går det an å bruka tid og krefter på sortering for så å senda varene i retur, noko verken grossist eller produsent er spesielt interessert i. Linda gjorde det på sin kjappe og lite byråkratiske måte, nemleg ved å gi sygruppa x antal posar og esker med blant anna kler, sko, smykke og belte. Dette blei jo reine julekvelden for gjengen av kreative husmødre, og det resulterte i mange idear og ekstra trivelege arbeidstimar på Speidarhuset.

Fekk stol i gåve.

Gjenbruk er ein viktig trend i ulike miljø sjølv om nordmenn framleis kjøper for mykje nye kler. I velkomsttalen sin siterte Bente «Søppelmannens etterjulsvise» av Stein Ove Berg. Hovudtanken frå «Søm Du Vil» var å laga noko kult som Linda kunne ha i butikken, for eksempel ein stol med si eiga historie. På Bruktbua fann dei ein stol frå Nordag-anlegget i Saudasjøen under krigen. Dei ribba stolen og bygde den opp igjen før dei gjekk i gang med utsmykkinga, først og fremst med velkjende, lokale motiv på ryggstøet.

Linda som var invitert eller «lurt til å stikka innom» Speidarhuset denne kvelden, blei både overraska og rørt då stolen blei pakka ut med dagens Blomsterbua sentralt i «bildet.»

Stolen har kjende saudamotiv.

I tillegg til stolen blei det av kleda frå Linda også laga mange andre ting som vesker, lampeskjermar, juletre, englar og juleartiklar, som oftast sett saman på ein ny måte. Dei øvrige damene på Speidarhuset var rause med både applaus og ros denne kvelden. Å forandra menyen på julemøtet frå graut til gulrotsuppe med mandel fekk også ei hyggeleg mottaking. «Søm Du Vil» består av: Bente Dolmen Wigelius, Anne Irene Saua, Kjersti Rabbe, Marianne Werdal, Grethe Hustoft, Trine Kjellsdatter Trættengen Øverli, Siri Berle Lund, Marie Solheim, Doina Overskeid, Torhild Huseby og Wenche Geelmuyden Rød.

  

Stein Ove Berg (1948-2002)

Søppelmannens etterjulsvise

Det er jeg som tømmer dunkene

Når jula er forbi

Jeg er søppelmann i strøket her

Og filosof på si

Et vissent juletre etter Olsens julefred

Det kjører jeg på avfallstomta med

Jeg rusler etter nissene og samler rusk og rask

Når unga kaster lekene og er

Blitt lei av knas

Hver knott i gata vår veit

At pakkene han får

Blir dyrere og større neste år.

Ja, en søppeldunk har mangt å si

Til en som leite vil

Blant ribbefett og muggen ost og

Halvspist brød med sild

Det er velstandshån når genser`n etter små`n

Heller kastes før en annen pjokk kan få`n

Det er nesten fælt å kjøre bort

Med skrotet av og til

Det fins fattige i verda vår

Som sikkert liker sild

En genser og et tre til å jage kulda med

Gikk opp i røyk på fyllinga i sted.

Powered by Labrador CMS