NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Vern av industrikulturen på sogelagsmøte
Kåre Bjarte Bjelland, Roy Høibo og Eirik Daniel Fatnes var føredragshaldarar under haustens første sogelagsmøte.
Oskar Waage-Pettersen og Sigmund Andersen slo an tonen med Oddwar Rønning sin tekst «Jeg har jobba på fabrikken.» Leiar i sogelaget, Aslaug Astad, orienterte så kort om Europarådet som heilt sidan 1985 har arrangert Kulturverndagar, i fjor med 600 arrangement i Norge.
Den pensjonerte direktøren på Ryfylkemuseumet, Roy Høibo, innleia med etableringa av sogelaget i 1969 og deira engasjement for bevaring av Åbøbyen. Høibo blei fascinert av husa i Åbøbyen og skildra inntrykka frå sitt første besøk i ovnshuset med varmen, kreftene og lyset.
Han drog parallellar til Norsk Hydro si utbygging i Røldal-Suldal på 60-talet der arkitekt, Geir Grung, også bygde fine hus etter ein hierarkisk modell. Derimot satsa suldølingane på å bygga fort og billig i Prestaåsen på 70-talet.
Korleis gjekk det så då private kjøpte smelteverket sine hus i Åbøbyen? Den diplomatiske Høibo var relativ kvass og nemnde både forfall og forsøpling trass i gode intensjonar.
– Det var ikkje vilje, evner, forståing eller kompetanse i kommunen. Dei har vore flinkare i Odda både med analyse og bevaring, og vern har ikkje hatt same status i Sauda som på Rjukan og i Notodden. Her har dei berre tatt vare på gjenstandar og modellar.
Årdal Aqua var eit naturleg tema, og Høibo var skeptisk til eit større bygg framfor den freda Stasjon 3. Han rosa dei nye teikningane til Madeleine Haaland og Guro Håvik som gjer prosjektet meir akseptabelt.
– Ikkje alt skal bli eit museum, men me må ta omsyn, avslutta Høibo.
Før matpausen hadde Bjørn Lian, kanskje noko overraskande, fått fem minutt for å orientera om dagens underskriftskampanje for «vern av Fløgstad skule.»
Etter pause gjekk ordet til Kåre Bjarte Bjelland som nytta høvet til å gi dei 85 frammøtte ein kort historietime om Eramet og endringane dei siste 30 åra. Bjelland er nå direktør for strategi og kommunikasjon, og me fekk historiske tal og grafar om antal ovnar, tilsette og skadar opp gjennom åra, men også informasjon om dei mange usikre faktorane i dagens marknad.
Kabelbanen forsvann i 1993 og sinterverket i 2000, men ny teknologi med blant anna dei nye, utrulege gassmotorane har flytta inn i eksisterande byggmasse. Bjelland fortalde levande om snøfrie gater, stadion, Klyv klatresenter og andre positive ringverknader av utviklinga. Kompliserte planar for karbonfangst blei lufta, og den aktuelle rivinga av ovn 11 for moderne gjenoppbygging blei eit naturleg tema.
– Fortida betyr folk, kunnskap og kompetanse, og fortida må ikkje stå i vegen for framtida, sa den engasjerte direktøren. Her er det ulike syn, men bruk er også vern, og me vil skapa ny historie. Me treng mangfold og ny industri i Sauda, og då må me av og til ofra noko, avslutta den rutinerte Bjelland.
Den relativt ferske direktøren på Saudafaldene, Eirik Daniel Fatnes, starta med å lesa eit utdrag av «Treet i tårnet» av Kjartan Fløgstad. Juletreet på smelteverket er eit kjært minne for mange, og kanskje kan gode, lokale krefter i framtida også lysa opp røyrgata?
Heilskap, samspel, identitet, teknologi og framtidstru blei sentrale omgrep i Fatnes si historieforteljing. Det gode arbeidsmiljøet blant dagens 37 tilsette blei nemnt, og han meinte det nå er lettare å driva eit kraftverk enn eit smelteverk.
Den freda Stasjon III blei tema nok ein gong, og innsatsen til Inge Mikal og Kristoffer Nødland fekk indirekte velfortent ros. Kanskje kan ein del av bygget for framtida gi fem-seks arbeidsplassar trass i vanskeleg akustikk? Endringar og nye eigarar gir også Saudefaldene utfordringar, blant anna er Storlidammen ikkje lenger godkjent ut frå nye krav. Sjølvsagt er det også spennande når Saudefaldene blir ein del av Statkraft i 2031.
Fatnes tok også opp kommunikasjon og formidling av historia, blant anna gjennom skulebesøk og Are Odland sine legobygningar.
– Me må heile tida halda på og er nødt til å utvikla oss, avslutta Fatnes.
Til slutt fekk ordførar Handeland mikrofonen for å orientera om den politiske stoda for smoltanlegget. Han meinte dei siste planane er eit godt kompromiss mellom vern og utvikling. Reguleringsplanen skal opp i kommunestyret i februar neste år, og så kan me håpa på endeleg avgjerd i juni eller september.
Dette var eit viktig sogelagsmøte, men med så mykje informasjon bør nok arrangøren for liknande møte avgrensa møtetida til maksimum to timar?