Bak kamera på UKM
Mikail (16) og Espen (16) er i full sving under landsfinalen i UKM.
Frå fredag 23. juni til i dag, måndag 26. juni, har landsfinalen i UKM blitt arrangert i Trondheim. Dei to saudagutane Mikail Emin Simsek (16) og Espen Håheimsnes (16) reiste til Trondheim i helga for å vere med på finalen.
– Det er veldig kjekt, seier Mikail (16).
Mikail presiserer at dei ikkje deltar i finalen sjølv, men er med for å hjelpe til bak kamera. Oppgåva deira i år er å laga film om kva dei andre deltakarane held på med fram mot og under finalen, også kalla festival-video. Videoen vil bli lagt ut på UKM sin nettstad etter finalen som blir heldt i dag, måndag kveld.
Gutane var med på fylkesfinalen i Sandnes og hjelpte til tidlegare i år og blei sendt vidare til Trondheim for å hjelpe til der også.
Dei reiste til Trondheim i fjor også for å hjelpe til bak kamera. Då hjelpte dei til med live-sendinga av finalen.