NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
– Sterk og begeistra torsdagskveld på Folkets Hus
Det var mykje folk og god stemning då Sauda Sanitetsforening inviterte til ope møte 19. november. Særleg var det gøy at mange unge kvinner deltok denne kvelden.
– Me har skapt oss ein kvardag der me mest ikkje treng å bevega oss; men kroppen vår er laga for bevegelse. Før i tida måtte me bruka kroppen for å skaffa oss mat og klara oss i kvardagen. No har me teknologi, hjelpemidlar, transport mm som gjer at me ikkje treng å bruka kroppen så mykje. Kroppen får ikkje lenger den bevegelsen den treng og derfor må me kompensera med trening og aktivitet. Eg kallar innlegget mitt «Kvardagssterk», sa kiropraktor Line Hesby Nessa.
Føredraget hennar var av det entusiastiske og kunnskapsbaserte slaget. Ho fortalde engasjert om enkle grep som gjer det lettare for oss å vera i aktivitet. Me har høyrd det før, men me treng repetisjonen og motivasjonen som ligg i det. Og når Line forklarte kvifor meir styrke, balanse og koordinasjon gir betre helsegevinst så er det så opplagt. Under føredraget måtte me opp å stå fleire gonger for å innprenta at sjølv små økter med aktivitet er viktig. I tillegg blei det ekstra trening i trappene då elektronikken svikta på Folkets Hus og me måtte byta sal. Så noko godt kom det ut av det og.
– Alt tel, sa Nesby Nessa, også dei små grepa.
– Tren for å fortsetta å kunna gjera det du er glad i. Altså, ikkje tren berre for treninga si skuld, men for at du skal klara å løfta barnebarnet ditt, gå ein tur i fjellet, ha overskot til kjærasten din og jobben sin. Aktivitet er bra for kropp og sjel og det er aldri for seint å begynna.
Denne kvelden hadde me også gleda av å høyra den småvittige, sjølvransakande Kristine Espeland Rafdal utfalda seg. Ho klarte lenge å halda på livsløgnene sine om at ho var både sterk og sprek, trente mykje og var i god fysisk aktivitet. Alt rakna då ho fekk seg sambuar som stilte spørsmål til både det eine og det andre. Kristine Espeland Rafdal viste seg som ei dame med både sjølvinnsikt og humor og det var humrande løye å få med seg dette innhaldsrike kåseriet.
Astrid Borlaug entra scenen og fortalde litt om kampanjen «Rød knapp». Den symboliserer Sanitetskvinnene sin kamp for nulltoleranse mot vold mot kvinner og vold i nære relasjonar.
Etter alle desse solide dosane med mentalt og fysisk påfyll, var det på tide med sunne, gode salatar og søte kaker til kaffien. Åresalet gjekk strykande og hovudgevinsten var ein god beredskapskasse. Ein nydeleg kveld var over då glade damer vandra ut i kveldskulda og heim.
Aslaug Tangeraas
Leiar Sauda Sanitetsforening