Desse fekk kulturstipend frå Sparebankstiftelsen
Fire ungdommar, tre frå Sauda og ein frå Suldal, får 25 000 kroner kvar.
– Veldig kjekt å få stipend! Dette er første gong eg har sendt søknad til Sparebankstiftelsen. Pengane vil eg nok bruka på skiutstyr, piggsko og løpesko, seier Elias Dybing (14).
Ny rekord
Tidlegare i haust gjekk Sparebankstiftelsen Sauda ut og oppfordra lokal ungdom til å søka om å få tildelt kulturstipend. Stiftelsen lokka med at dei hadde 100 000 kroner til rådevelde. Då søknadsfristen gjekk ut i midten av september hadde heile tolv ungdommar sendt inn søknad.
– Det er ny rekord! I fjor hadde me ti søkarar. Alle dei tolv søkarane i år, fire jenter og åtte gutar, driv med idrett. Tidlegare har me også hatt søkarar innan musikk. Det var mange gode søkarar. Eg vil absolutt oppfordra dei som ikkje har fått søknaden sin innvilga i år om å søka igjen neste år. Også dei som har fått stipendet tidlegare år har anledning til å søka fleire gonger, forklarer Sivert Sørnes, dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sauda.
I år er potten på 100 000 kroner fordelt likt på fire lokale ungdommar; to jenter og to gutar.
God i to idrettar
Den 14 år gamle langrenns- og friidrettsutøvaren Elias Dybing er den yngste som får tildelt kulturstipend frå Sparebankstiftelsen i 2022. Han får 25 000 kroner i stipend for å ha markert seg i både langrenn og friidrett – og for at han satsar stort i begge idrettane.
I grunngivinga blir det vist til at 14-åringen kan visa til mange gode resultat, blant anna blei han nummer 1 i Ungdommen Holmenkollrenn og Oslo skifestival. Han har også hatt årsbeste tider i sin aldersklasse på 600 meter, 800 meter og 1500 meter. I første omgang er målet å bli tatt ut på kong Haralds ungdomsstafettlag, og begynna på Norges toppidrettsgymnas på Lillehammer.
Trener med Avaldsnes
Saudajenta Signe Saltnes Aarhus får også 25 000 kroner i stipend. Ho har markert seg innan fotball og trener i dag med rekruttlaget til Avaldsnes, som speler i 2. divisjon. I tillegg speler 15-åringen på krinslaget til Rogaland.
– Eg er veldig glad og takknemmeleg for stipendet, seier Saltnes Aarhus.
Ho vil bruka pengane på utstyr og reiser.
– Eg reiser til Avaldsnes minst ein gong i veka, og så og seia all fritida mi går til fotball, fortel ho, som speler fast på Sauda sitt Jenter 15-lag, der ho er toppskårar.
Satsar på langrenn
Skiløparen Håvard Kolbeinsvik er den tredje saudaungdommen som er tildelt kulturstipend i år. 17-åringen går i dag på Sirdal vidaregåande skule. Håvard Kolbeinsvik kan visa til topp 41 i Norgescupen og 49 i Norgescupen. I første omgang er målet å stabilisera seg på topp 50 på alle distansar.
– Det var veldig kjekt å få stipend, ja. Pengane kjem vel med, seier Kolbeinsvik.
Han går nå andre året på skigymnaset i Sirdal. Stipendet vil, ifølge Kolbeinsvik, gå til både utstyr og reiser i samband med trening og konkurransar.
– Det blir ein del reiser, og nokre gonger reiser me langt av garde. For eksempel skal eg til Alta og gå NM i mars, forklarer han.
Om han tar tredje og siste året på fulltid eller halvtid, for å satsa endå meir på idretten, veit han ikkje heilt ennå.
– Og kva eg gjer vidare etter dette igjen er altfor tidleg å svara på, seier han blidt.
Suldøl får også
Den fjerde stipendmottakaren i år er suldølen Mathea Vik. 15-åringen satsar på langrenn og kan visa til ein tiandeplass i hovudlandsrennet og andreplass i Vestlandske skistemne. Ho har representert Agder og Rogaland skikrins sitt førstelag i stafett, og målet er å bli ein best muleg langrennsløpar. Det har ikkje lukkast Ryfylke å få ein kommentar frå Mathea Vik.
Imponert Sørnes
Det er styret i Sparebankstiftelsen Sauda som har bestemt at desse fire ungdommane får 25 000 kroner kvar i kulturstipend. I styret sit Kjersti Fløgstad (leiar), Rolf Tore Valskår, Sverre Gjuvsland og Marianne Herheim. Dagleg leiar Sivert Sørnes fortel at styret tar tildelingsoppgåva på stort alvor.
– Det er fleire kriterium som søkarane må oppfylla. Dei må ha markert seg – og ha eit ønske om å vidareutvikla seg. Me ser at fleire ungdommar vel å flytta for å vidareutvikla seg, og kombinerer utdanning med satsing på hobbyen sin. Den innsatsen dei legg ned er imponerande, ikkje minst alderen tatt i betraktning, seier Sørnes.