Jarl Wåge (til venstre) gjesta Sauda sogelag i 2018. Her saman med Odd og Solveig Wiik.
Jarl Wåge (til venstre) gjesta Sauda sogelag i 2018. Her saman med Odd og Solveig Wiik.

Fornøyelege fortellingar

Jarl Wåge, nordfjording med fartstid i Sauda, er bokaktuell.

Publisert Sist oppdatert

Jarl Wåge er for saudabuar kjend som ein av dei mange måløyværingane som på 1960-talet var elevar ved gymnaset i Sauda. Denne hausten er nordfjordingen bokaktuell med Kilometervis med forteljingar».

Wåge, fødd i 1948, er tidlegare lærar, nå forfattar, skribent samfunnsdebattant, kåsør og fortellar. I 2018 gjesta han Sauda sogelag og var også ein av bidragsytarane i årsskriftet deira same år.

Lett og sjølvironisk

I boka fortel Wåge småhistorier frå barndom, oppvekst og vaksenliv. Alt, frå barne- og ungdomsår i ein bedehuskristeleg heim via arbeidsliv til homoforviklingar og familiefortellingar blir servert med ein god dose humor og sjølvironi attåt. Dette gjer epistlane verd å lesa, både i små og større porsjonar. Som til dømes den om unge, langt over snittet treneva Wåge som juksa til eksamen i sløyd på realskulen. Om dans og kino, som begge deler var uaktuelt for den Wågske barndomsheimen, og korleis dei unge prøvde å omgå dei strenge forboda.

Historia om kvifor Jarl Wåge og fleire titals sambygdingar hamna på gymnaset inst i ein fjord på sørvestlandet, halvanna døgns reise unna, er også ei av fortellingane som har fått plass i boka.

– Eg slit med at du er keivhendt

Forfattaren skildrar også meir alvorlege tema i boka. Som homofil opplevde Wåge korleis Aids-inntoget tidleg på 1980-talet gjorde innhogg i bekjentskapskretsen. Og trass legalisering av homofili tidleg i 1970-åra, var det framleis mykje tabu knytt til å vera homo i tiåra etter. Ting var likevel ikkje heilsvart, og Wåge hentar i boka fram nokre eigenopplevde gullkorn. Som til dømes ungdomsskuleeleven som etter at lærar Wåge har fortald ope om seg sjølv i klassen:

– Det er heilt greitt at du er homo, men eg slit litt med at du er keivhendt…

Jarl Wåge si nye bok Kilometervis med forteljingar».
Powered by Labrador CMS