Fredag brakar det laus i Suldal
Ryfylkedagar med strandfest og Coldplay-konsert.
Dønningane etter årets Saudadagar har bare såvidt lagt seg, før naboane i Suldal kan by på nye festivaldagar i Ryfylke. Fredag 2. juni er det igjen klart for Ryfylkedagane.
På fredagsprogrammet står både beachparty og strandfest for ungdom, grilling og pøbbkveld på Ryfylke Fjordhotell og livemusikk med Tor Ludvig på Sjøhuset. Og så Coldplay-konsert, då! Ikkje med Chris Martin & co, rett nok, men med Songarlaget og dirigent Martin Haug Tieghem, som også inviterer til konsert laurdag kveld.
Andaslepp og marknadsdag
Laurdag inviterer Sand til marknadsdag i sentrum med stands og bodar. Røde Kors arrangerer konkurransar for dei yngste, det blir klatrekonkurranse og trylleshow med klovnen Charlie og andaslepp i elvaosen med førstepremie på 25 000 kroner.
Ryfylkemuseet opnar ny utstilling i Nesasjøhuset, Suldal sogelag byr på fotoutstilling og Suldal kunstlag og kulturhuset opnar sommarutstillinga Tri frå Erfjord» denne helga.
Kulturarvpris til Hamrabø
Søndag blir kulturarvprisen Olavsrosa» delt ut til Børkjenes gard på Hamrabø. Ryfylkemuseet inviterer til open dag på Kolbeinstveit, det blir grilldag og auksjon på Nesflaten og Rogaland ungdomskorps og korpsa i Suldal speler konsert i kulturhuset.