Sauda Musikkorps har tatt i bruk navnet Sauda Musikklag.
Sauda Musikkorps har tatt i bruk navnet Sauda Musikklag.

Har børsta støvet av Sauda Musikklag igjen

Sauda Musikklag – eit korps i endring.

Publisert Sist oppdatert

Kvar onsdag og annankvar søndag flyt det korpsmusikk ut i frå pensjonistforeininga sine lokale på Høllandstunet. Sauda Musikklag øver på songar i ei blanding av populærmusikk, gamle slagarar, og songar som kan fenge eit yngre publikum.

Korpset blei stifta i 1924 og er ein levande tradisjonsberar i Sauda og bidrar til ein breidde i kulturlivet. Til neste år fyller korpset heile 100 år. Det er stas og skal sjølvsagt markerast. Vi ønsker oss fleire musikantar. Har du spelt i korps før og kjenner på lysta til å bli med? Kanskje du har vore med tidlegare men treng litt oppfrisking? Kom å bli med! Ikkje nøl med å ta kontakt!

I nokre år har korpset vore organisert som ei gruppe kalla Sauda Musikkorps under organisasjonen Sauda Musikklag. Korpset har omorganisert og nytt styre er valt i Sauda Musikklag. Nå er korpset Sauda Musikklag fullt og heilt både i namn og som organisasjon. Den flotte logoen til musikklaget er også på nytt tatt i bruk. Nytt styre består av Solveig Stensvåg Eriksen (leiar), Olav Rabbe (styremedlem), Kjersti Petra Stensvåg (styremedlem) og Ragnhild Vullum(styremedlem).

Sauda Musikklag er eit korps i endring. Vi har tatt i bruk Spond for digital rapportering av oppmøte med stor suksess, og vi testar ut å bruke øvingsopptak til øvingsbruk. Ikkje minst ser vi på nye muligheiter for å treffe publikum og å velje repertoar som kan favne om fleire målgrupper. Til dømes har me øvd inn BliMe dans sangen som vi håper vil treffe eit yngre publikum. Kan hende får de høyre den på 17. mai?

17. mai stiller korpset opp og speler for heile bygda. For mange høyrer korpsmusikk til nasjonaldagen som ketchup på pølse i brød. Sjølv om underteikna ikkje er spesielt glad i ketchup på pølsa, så tykkjer eg likevel at korps og korpsmusikk høyrer til nasjonaldagen. Vi øver ikkje berre mot 17. mai, men også til konserten vi skal holde den 24. mai i kantina på Åbøtunet på Livsglededagen i regi Livsglede for Eldre. Det gler me oss veldig til.

Sauda Musikklag må tenke framover og planlegge for framtida. Thormod Gilje er fortsatt aktiv bak notestativet med dirigentstokken i handa. Vi er utruleg heldig som har ein så erfaren og kunnskapsrik dirigent. Han har lenge arbeidd dugnad for korpset, noko som vi ikkje tar for gitt, men som vi set stor pris på. Framover må vi planlegge med utgifter til dirigentlønn. Me forvaltar også ein eldre instrumentpark som treng både reparasjonar og fornying. Derfor er vi nøydde til å sjå på nye muligheiter til å auke inntektene våre slik at vi også i framtida kan spele for bygda på 17. mai og bidra til kulturlivet elles.

Vi oppfordrer derfor alle til å følge oss på Facebook-sida “Sauda Musikklag” og å støtte opp om det digitale skrapeloddsalget som starter fredag 5. mai. Det er også mogleg å støtte Sauda Musikklag via Vipps eller ved å sette Sauda Musikklag som Grasrotmottakar hos Norsk Tipping. Gje beskjed i tippekiosken eller endre det på nettsidene til Norsk Tipping.

Hurra for 17. mai, hurra for Livsglededagen 24. mai, og hurra for 100 års jubileum i 2024!

Solveig Stensvåg Eriksen, leiar Sauda Musikklag

Powered by Labrador CMS