Nå kan jula bare komma
Julekonserten i kyrkja søndag blei ei lun og fin stund med flott musikk og god stemning.
I meir enn 70 år har lokale aktørar slått kulturkreftene saman for å hjelpa vanskelegstilte sambygdingar i førjulstida. Søndagens kulturdugnad blei nok ei påminning om Sauda sitt rike kulturliv og om saudabuen sin velvilje til å stilla opp for andre.
Frelsesarmeens julekonsert har for lengst etablert seg som ein sterk førjulstradisjon. Trøkk-dirigent Eli-Jorun Tangeraas målbar søndag ei oppleving ho sannsynlegvis deler med mange:
− Julestemninga kjem når me kan samlast til denne julekonserten i kyrkja.
Sjømannsjul for full hals
Noko av det mest unike med den tradisjonsrike julekonserten er den uformelle stemninga som går som ein raud tråd gjennom kvelden. Det er for eksempel som tradisjon å rekna at det blir endringar i høve til det oppsett programmet. Og så er det sjølve programmet. Det var nok enkelte som rynka litt på nasen første gongen major Thorbjørn Vang drog i gang O jul med din glede» på trekkspelet. Seinare har denne songen, saman med trekkspelet, blitt som eit varemerke for den sprudlande frelsesmajoren. Og kven hadde sett for seg at Sjømannsjul på Hawaii» skulle bli allsong i Sauda kyrkje?
– Det var mange som ikkje turte å synga med første gongen Sauda Trekkspillklubb spelte den songen her i kyrkja, opplyste Vang muntert.
– Men nå skal me synga av full hals, slo han fast då dette var neste post på programmet.
Den oppmodinga tok ei nær fullsett kyrkje på strak arm.
Grand old man
Thorbjørn Vang, ja. Ein kan naturlegvis ikkje unngå å nemna mannen som har vore fast innslag på julekonsertane dei siste åra, og som har fartstid i same arrangement heilt tilbake på 1970-talet. Søndag måtte Vang, som blei ramma av hjerneslag i haust, leia konserten frå ein rullestol i midtgangen – og utan trekkspelet.
Då Barbro C. Werdal frå arrangøren Sonor ønska velkommen og overrekte ei blomehelsing til julekonsertens grand old man», braut publikum ut i ein spontan applaus.
Sjølv om helsa hindra Vang i å traktera trekkspelet, leia 93-åringen konserten på sedvanleg vis, ispedd humoristiske kommentarar både om seg sjølv og andre, bibelsitat og framføring av dikt.
– Dette har vore ein fest! Eg føler meg mykje betre, konkluderte Vang då den halvannan time lange konserten nærma seg slutten.
Flott musikk
Og ein fest var det. Eit velspelande Sauda Musikkorps sette stemninga då dei innleia den musikalske reisa med tre nummer, under leiing av Thormod Gilje. Spesielt Highland Cathedral», melodien som opprinneleg er skriven for sekkepipe og som er mykje brukt som bryllaupsmarsj, var ei flott oppleving, med Ingunn Skare og Marita Dolmen som solistar på euphonium.
Sauda Soul Children/Kids/Teens, iført nisseluer for anledninga, framførte tre nummer, mellom dei velkjende julesongar som Himmel på jord» og En stjerne skinner i natt». Koret, med fleire svært unge solistar, sjarmerte slik bare barnekor kan. Nummera blei framført med stødig pianoakkompagnement frå Eirik Fosstveit, medan Grete Kroka Landa som vanleg svinga taktstokken.
Bra Trøkk
Mother Mary, full of grace, awaken, all our homes are gone, our loved ones taken, taken by the sea». Dette er dei første linjene i Requiem», ein av songane på programmet til blandakoret Trøkk i kyrkja søndag. Det som blir laga som ein sørgesong til offera etter tsunamien i Søraust-Asia jula 2004 blir framført vart og vakkert av koret, som verkeleg strålte under sin opptreden.
Dirigent for Trøkk er Eli-Jorun Tangeraas og framføringa fekk tonefølge på piano frå Inna Mazurova.
Etter alllsang og kollekt til julekveldsvisa og Sauda Trekkspillklubb overtok trekkspelfolket podiet med fire stemningsfulle låtar. Avslutningsnummeret, nemnde Sjømannsjul på Hawaii» blei eitt av konsertens høgdepunkt, med rungande allsang.
Eit anna høgdepunkt var utan tvil arrangørkoret Sonor si avrunding av konserten, spesielt Hark! The herald angels sing». Koret og dirigent/organist Eirik Fosstveit legg lista høgt i si framføring av denne tradisjonsrike julehymnen, men leverer til dei grader!
Tradisjonen tru blei julekonserten avrunda med Deilig er jorden», og ei oppmoding frå major Thorbjørn Vang:
– Husk på julegryta!