Linnéa Bratland, Åsne Eirin Jørgensen og Vår Steen Jensen øver på Last Christmas». Foran: Mats Moland Træen og Jesús Alberola Herrero.
Linnéa Bratland, Åsne Eirin Jørgensen og Vår Steen Jensen øver på Last Christmas». Foran: Mats Moland Træen og Jesús Alberola Herrero.

Nesten utselt kulturskulekonsert

Endeleg kan kulturskulen fylla heile Storesalen i Folkets Hus til Julenostalgi».

Publisert Sist oppdatert

– Me har lagt ut alle bilettane, bortsett frå nokre få reserverte plassar. Akkurat nå, tysdag, er det 13 ledige seter igjen, seier Eli-Jorun Tangeraas, rektor i Sauda kulturskule.

Komande torsdag inviterer kulturskulen til arrangementet Julenostalgi» i Storesalen i Folkets Hus. Det er fleire år sidan kulturskulen har hatt eit normalt» julearrangement, med fullt av publikummarar i salen.

– Det var så klart visse avgrensingar i koronatida, men alt i alt har me i kulturskulen her i Sauda sleppt billeg unna. Andre kulturskular har opplevd fråfall som følge av koronapandemien. Det har ikkje me, snarare tvert imot, seier Tangeraas.

Kulturskulen i Sauda har i dag 158 elevar. Dei aller fleste av desse skal i aksjon under arrangementet på torsdag. Her får publikum oppleva både song og musikk, dans , kunst og kreativitet.

Ifølge Tangeraas er det nå stor og spent aktivitet før torsdagens arrangement.

– Når kommunestyret er ferdig med sitt møte i Storesalen onsdag ettermiddag, går me straks i gang med lydprøvar og generalprøve. Då er det litt herleg kaos», og då gjer me alle dei feila me skal gjera, og så er me klare! Frå tidleg ettermiddag torsdag er det stor aktivitet i heile bygget, like før det heile startar klokka 18, fortel rektor Tangeraas.

Sofia Sulen Peneva øver på fellesnummeret Jul i svingen».
Powered by Labrador CMS