Anna Løyning (21) er klar for Røldalsspelet neste veke.
Anna Løyning (21) er klar for Røldalsspelet neste veke.

No er Anna (21) klar for Røldalsspelet

Neste veke er det klart for Røldalsspelet. Saudajenta Anna Løyning (21) blir å sjå i ei av dei større rollene.

Publisert Sist oppdatert

Røldalsspelet 5.-8. juli

* Spelet heiter Den lange vegen»

* Manus og songtekstar: Gunn Gravdal Elton

* Regissør: Kurt Mega Herdlevær

* Skodespelarar og musikarar på scena: 36 stykk

* Stad: Ved Røldalsvatnet

Anna Løyning (21) har tidlegare vore svært aktiv i kulturskulen og ho har vore å sjå opp til fleire gonger i revyen i Sauda. Til vanleg studerer ho bachelor i musikkteater ved Høyskolen i Kristiania. Ho fortel til Ryfylke at ho har eitt år igjen der ho skal skriva bacheloren sin. Når ho er ferdig håpar ho å få fortsette i bransjen om det lar seg gjere.

Bur i campinghytte

Då Ryfylke kontakta henne onsdag denne veka kunne ho fortelle at ho akkurat var på veg tilbake til campinghytta i Røldal etter nokre gjennomgåingar av spelet. 21-åringen fortel at det har blitt ein god del reising til og frå Røldal dei siste to vekene, men at ho nå bur i ei campinghytte i Røldal fram til alle dei fire førestillingane er over.

– Eg gler meg mykje til å få visa fram det me har jobba med, seier ho

Fekk rolla som Anna»

Anna fortel at ho i fjor fekk kontakt med Gunn Gravdal Elton som står bak mykje av spelet, gjennom ein klassekamerat i Oslo som kjem frå Odda. Det var dessverre ingen store roller ledige som Anna kunne få i fjor, men i år dukka det opp ei ganske stor rolle. Neste veke blir ho å sjå som rolla Anna, som er storesystera til hovudrolla Haldis.

– Det er veldig kjekt å få vere med i spelet. Det er så mange dyktige og fantastiske folk som er med, seier Anna

Anna fortel at ho gler seg veldig til å få visa fram det dei har jobba med og at det til nå har vore fantastisk å få vere med i spelet med så mange kjekke folk.

Den lange vegen»

Også i år heiter Røldalsspelet Den lange vegen». Spelet er ein moderne musikal som handlar om pilegrimsvandringane til Røldal i åra 1230-1835. I spelet møter ein den unge jenta Haldis som bestemmer seg for å legge ut på den lange vegen til Røldal for å bli frisk frå funksjonshemminga ho fekk når ho blei fødd. Spelet tar for seg ulike ting som kan skje under ei slik reise.

– Det er ei fantastisk førestilling som er verdt den korte turen over fjellet, meiner Anna Løyning.

Ho håpar at saudabuen tar turen over Saudafjellet for å sjå førestillingane som vil vere kvar kveld frå onsdag til laurdag neste veke.

Powered by Labrador CMS