Dette er eitt av måleria målt av Trond Carsten Øye som blir avduka på Hovlandsnuten laurdag.
Dette er eitt av måleria målt av Trond Carsten Øye som blir avduka på Hovlandsnuten laurdag.

Opnar kunstgalleri på Hovlandsnuten

Laurdag blir det som kanskje er Norges høgstliggande minigalleri opna på Hovlandsnuten.

Publisert Sist oppdatert

Dei som deltar i motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp laurdag vil i tillegg få med seg opninga av eit lite kunstgalleri. På Hovlandsnuten ligg det ei varmehytte, med panoramautsikt, reist i regi av Hovlandsnuten Utvikling.

Åge Fjellheim Midthun i Hovlandsnuten Utvikling opplyser at det er fleire år sidan dei starta planlegginga av eit høgtliggande galleri.

– Det er flott utsikt frå hytta, men dei som sit på den eine benken i denne hytta ser rett inn i bakveggen. Saman med Espen Thompson fann me ut at me skulle hyre Trond Carsten Øye til å måle tre måleri som skal henge der. Det er ein spennande gimmick med ein lokal kunstnar. Måleria er målt etter inspirasjon frå eit dikt som Bjørn Ljung har skrive, seier Åge Fjellheim Midthun.

Han opplyser at prosjektet stoppa opp på grunn av Covid, og at Espen Thompson flytta frå Sauda.

– Nå har me gripe fatt i det og ferdigstillt det. Laurdag klokka 12 blir det avduking med kunstnaren og ordføraren til stades, med Mozell i stettglas. Det blir ei uhøgtidlege avduking, seier Fjellheim Midthun med eit smil.

Han opplyser at Si-Glass har laga til glas som skal henge foran måleria for å beskytte dei.

– Det er for å skape litt glede og krydder for dei som går opp på Hovlandsnuten og bruker hytta. Me er litt usikre på kor godt beskytta måleri blir der oppe med tanke på sollys og slikt. Kanskje blir dei bytta ut seinare og erstatta med ei anna utstilling. Det ser me, seier Åge Fjellheim Midthun.

Kunstnaren Trond Carsten Øye (fremst) har sjølv vore ein av dei aktive deltakarane i motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp.
Powered by Labrador CMS