Profesjonell operasongar tar med far sin til Sauda og byr på konsert
Den profesjonelle operasongaren Leif Jone Ølberg kjem til Sauda – igjen. Denne gong med far sin.
Operasongaren Leif Jone Ølberg bør etter kvart ha eit kjent namn i Sauda. I løpet av dei siste 15 åra har han vore i Sauda fleire gonger, både som deltakar i fleire lokale song- og musikkarrangement, som del av fleire besøkande songarar og musikarar – og han har hatt konsertar åleine. Onsdag 12. april held han konsert i Saudasjøen kapell, saman med far sin, Lars Bernhard Ølberg. Duoen skal på på turne i Ryfylke og Vestland, og startar turneen i Sauda og Hjelmeland, der dei har røtene sine.
– Lars Bernhard Ølberg, som er pensjonert prest, organist og pianist, har farsslekta si frå Hjelmeland. Han som ein gong flytta til Ølberg i Sola, fekk kjøpa gard av Ola Danielsen frå Eikesås i Sauda. Mor til Leif Jone har også slekt i Ryfylke, frå Laugaland, blir det opplyst i ei pressemelding frå Ølberg-familien.
Operasongaren Leif Jone Ølberg har sunge i fleire land, og har i mange år vore knytt til den Kongelege Opera i København, der han har sunge mange rollar. Han har også vore knytt til den Jyske Opera i Århus. Nå er han i slutten av ein lang turné i Danmark, som Papageno i Tryllefløyten av Mozart. Til hausten skal han til Nairobi der han skal synga operakonsertar og undervisa unge kenyanske songarar.
Leif Jone Ølberg har vore musikalsk engasjert i Sauda i ulike samanhengar i både 2007, i 2011, i 2016, i 2017 og i 2018. I 2007 var han med på Sonor sitt Hørt án før»-prosjekt i Folkets Hus, og i 2018 var han med på Berit Vesla» Guggedal sitt …og eg som trudde at..:»-prosjekt i omnshuset på fabrikken.
Under konserten i Saudasjøen kapell om ei dryg veke framfører far og son Ølberg påske- og vårmusikk. Her vil ein blant anna få høyra ariar frå Hândels Messias, norske salmetonar, kjende vårsongar og musikkstykke frå Edvard Grieg.