Pinnekjøtrestane kan steikjast i smør saman og saman med restane frå kålrabistappa og vossakorven blir det fort til ein freistande burgar.
Pinnekjøtrestane kan steikjast i smør saman og saman med restane frå kålrabistappa og vossakorven blir det fort til ein freistande burgar.

Restefest av julematen

Fortvil ikkje om du også i år har handla inn for mykje julemat. Med enkle grep får ribba, pinnekjøtet og lutefisken nytt liv, og unngår å ende opp i søpla.

Publisert Sist oppdatert

Jula er høgsesong, ikkje berre for tradisjonsmat og ekstra kos – men også for kasting av mat. Ferske tal viser at tre av fire kjøper meir mat enn dei treng i jula. Ein dei som har lagt merke til dette er kokk Lars Erik Vesterdal, som saman med fotograf Robert Mære har laga ei kokebok med rettar for dei som vil unngå å kaste julemat, men samtidig vil vere heilt sikre på at dei har nok mat i jula.

Overraskande

Det heile starta då Vesterdal for to år sidan stod med hovudet inn i kjøleskapet sitt på sjettedag jul.

– Der var det verkeleg restar av alt, og eg tenkte at denne maten må vi jo få ete opp på ein eller annan måte. Etter eit par glas vin saman med makkeren min Robert Mære blei det klart at vi måtte teste ut forskjellige nye oppskrifter basert på restar etter jula. Det som har overraska meg mest med prosjektet vårt er at det har vore så lett å lage gode retter av julematrestane. Spesielt er det mykje lekkert som kan lagast av lutefisk. Pinnekjøt på pizza blei også ein klar favoritt, fortel Vesterdal.

Men er det ikkje betre om folk byrjar å kjøpe inn litt mindre mat og berre lagar den maten som trengst?

– Det trur eg er eit veldig langt lerret å bleike. Vi er så vane med at det skal vere så rikeleg av alt i jula at det er lettare å prøve å inspirere folk til å utnytte restane på ein ny måte, seier kokken som understrekar at han er blitt meir og meir opptatt av matsvinn med åra.

– Planlegg betre

Kommunikasjonssjef i den ideelle organisasjonen Matvett, Anne Marie Schrøder synest det er fint at det no har kome fleire tips for dei som vil utnytte restane etter jula, men minner om at det aller luraste er å planleggje slik at du ikkje kjøper inn dobbelt så mykje mat som det du eigentleg treng.

– Jula er den tida på året då vi kastar mest mat fordi vi handlar og lagar for mykje. I år er det i tillegg mange som har fått dårlegare råd på grunn av høge prisar både på mat og straum, og då er det mange som kan spare mykje pengar på å planleggje jula litt betre, seier Schrøder. Ho meiner alt startar med å ha eit ryddig kjøleskap der ting er godt organisert og har sin faste plass med riktig temperatur.

– Ta ei opprydding i kjøleskapet før du gjer juleinnkjøpa, så veit du kva du manglar. Det er akkurat som vi får eit ekstra hamstringsgen i midten av desember, og handlar inn råvarer i store mengder, sjølv om butikkane denne jula berre er stengde ein dag meir enn i ei vanleg helg, seier Schrøder.

(NPK)

Ferdig kokt lutefisk kan enkelt og greitt gjerast om til ein tapasrett.
Lars Erik Vesterdal og Robert Mære har laga ei kokebok der restar av julemat blir til nye matretter. Her byr dei på blant anna lutefisktapas og pizza med pinnekjøt.
Det er viktig å ha god orden i kjøleskapet for å unngå å kaste mat.

Julematresteoppskrifter

Burger med pinnekjøt, vossakorv og kålrabistappe (4 pers)

200 gram pinnekjøtrestar
400 gram vossakorv eller anna grov pølse
2 dl kålrabistappe
4 burgerbrød, gjerne brioche

Reins pinnekjøt fritt for bein og brusk. Kutt pølse i litt tjukke skiver og steik dei med pinnekjøtet i smør. Varm opp kålrabistappe og steik brødet eit par minutt i ein panne eller i omnen. Legg alt saman i varme burgerbrød.

Tapaslutefisk med steikt potet og baconmayo (4 pers)

200 gram restar av kokt lutefisk
6 kokte småpoteter
2 ms smør
2 dl majones
1 ts sennep
4 ms ferdigsteikte baconterningar

Del potetene på langs og steik i smør til dei blir gylne. Stykk opp lutefisk i terningar og steik i same panne som potetene. Smak til majones med sennep og smelta baconfeitt. Rør godt saman. Legg det på eit fint fat med potet toppa med lutefisk, majones og bacon. Pynt med litt grønt viss du har.

Bakt potet med sprøsteikt ribbe og rosenkålsalat (4 pers)

4 store bakepoteter
1 litt stor bit med ferdigsteikt ribbe
2 ms rømme
1 ms tyttebær
Ein neve kokt rosenkål
1 ms olivenolje
Litt persille viss du har
Salt og pepar

Pakk potetene i aluminiumsfolie og legg dei på grovsalt i ei langpanne. Bak på 180 grader til potetene er møre, i cirka 1 time. Kutt ribba i tynne strimlar og steik på svak varme. Auk varmen etter kvart slik at ribba blir sprø. Del rosenkålen i to og vend inn nokre dropar olivenolje. Smak til med salt og pepar. Rør saman rømme og tyttebær. Fyll potetene med ei skei av tyttebærrømmen og topp dei med sprø ribbe og rosenkålsalat.

Powered by Labrador CMS