Mediegruppa som skal vidare til landsfinalen: Frå venstre: Mikail Emin Tungland Simsek, Espen Håheimsnes, Malina Hammer Fjeldstad, Angelica Eike Kaltveit og Astrid K. Djupdal.
Mediegruppa som skal vidare til landsfinalen: Frå venstre: Mikail Emin Tungland Simsek, Espen Håheimsnes, Malina Hammer Fjeldstad, Angelica Eike Kaltveit og Astrid K. Djupdal.

Saudagutane Mikail (16) og Espen (16) vidare til landsfinalen

Saudagutane sitt gode mediasamarbeid med tre jenter blei lagt merke til. Nå skal kvintetten representera Rogaland i UKM-landsfinalen.

Publisert Sist oppdatert

– Me jobba med å laga ein film gjennom heile helga. Me tok mange bilde, filma og intervjua folk. Me har ennå ikkje redigert ferdig filmen, men det var nok måten me jobba på som gjorde at me blei valt ut til å gå vidare, fortel Mikail Emin Tungland Simsek.

Han og klassekompisen Espen Håheimsnes var blant dei lokale ungdommane som i helga reiste til Sandnes for å delta i arrangementet UKM fylkesfinale. Saman med Suldal-jentene Malina Hammer Fjeldstad og Angelica Eike Kaltveit og Sola-jenta Astrid K. Djupvik, utgjorde dei mediagruppa under arrangementet. Dei fem ungdommane skal nå representera Rogaland i landsfinalen til UMK, som blir arrangert i Trondheim i juni.

Simsek fortel til Ryfylke at dei nå skal gjennom et redigeringsarbeid, før dei skal senda den ferdige filmen ut til alle involverte for å samla feedback» og godkjenning.

– Deretter skal me nok legga filmen ut på nettsida til UKM og kanskje også på Youtube, forklarer han.

Media-gutane frå Sauda var også med vidare til fylkesfinalen i fjor.

Både Mikail Emin Tungland Simsek og Espen Håheimsnes er også aktive i kulturskulen på andre felt.

– Eg er med i bandet Lost `n found, som bassist, fortel Mikail.

Espen har tidlegare spelt bass i eit anna band, og speler nå trommer, ifølge Mikail.

– Vil de jobba vidare innan media?

– Ja, eg vil iallfall fortsetta med det. Espen! Vil du også? Ja, han vil det han også, forsikrar Mikail.

Det var ei busslast med heile 29 personar ombord som reiste til Sandnes fredag ettermiddag.

Dei andre deltakarane frå Sauda var Vår Steen Jensen, Sauda Soul Teens, dansegruppa 66,66 drummers», Ane Schibevaag Søndenå og Ingrid Fatnes.

Godt humør og god stemning før UKM-bussen retta kursen mot Sandnes fredag ettermiddag.
Powered by Labrador CMS