”Vaffelfisken” er årets gratisbok i Rogaland
Til hausten vil det i Rogaland bli delt ut 30 000 gratiseksemplar av billedboka ”Vaffelfisken”.
”Hele Rogaland leser” er eit prosjekt i regi av Rogaland fylkeskommune. Kvart år blir det valt ei bok som innbyggarane i Rogaland kan få gratis. I år er det billedboka ”Vaffelfisken” som er valt.
Boka er forfatta av Bjørn Rørvik og der teiknaren Per Dybvig står for illustrasjonane i billedboka. Rørvik bur i Oslo er ein anerkjent og produktiv barnebokforfattar med meir enn 40 bokutgivelsar. Per Dybvig er frå Stavanger og blir av Rogaland fylkeskommune rekna for å vere ein av landets fremste barnebokillustratørar.
Boka ”Vaffelfisken” blir av Rogaland fylkeskommune omtalt på følgande måte: ”Den absurde og humoristiske boken skildrer Reven og Grisungen som skal fiske seg en vaffelfisk, en type fisk som består av pur vaffel og er V. G. M. S. – Veldig God Med Syltetøy. På turen tar de med seg fiskestang med spagetti bolognese som agn og selvsagt mange sorter syltetøy i påvente av den velsmakende fangsten.”