Samla er det no nær 1500 færre mjølkebruk sidan 2017. I den same perioden er det blitt 679 fleire bruk med ammekyr.
Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nedleggingane i landbruket held fram – eit bruk forsvinn kvar dagI
Det skriv
Nationen , som har sett på statistikk basert på søknader om produksjonstilskot. Bønder med griser, mjølkekyr, jordbær og poteter hadde ein nedleggingsprosent på tre eller høgare mellom 2017 og 2022. Også bønder med mjølkegeiter, hestar, verpehøner, sauer, anna storfe og ein del kornslag ligg over snittet.
Samla er det no nær 1500 færre mjølkebruk sidan 2017, ein nedgang på rundt 300 bruk i året. Det er også borte over 1000 sauebruk, over 300 bruk med slaktegris, over 200 bruk med purker, over 900 bruk med korn og over 2000 bruk med grasproduksjon i perioden, skriv Nationen.
Gris har størst prosentvis nedgang med nær 20 prosent færre purker og nær 11 prosent færre slaktegriser. Sau er gått ned litt under sju prosent og mjølkekyr nær fem prosent. Fleire av desse produksjonane har tidlegare hatt overproduksjon og har no redusert produksjonen i tråd med etterspørselen.
I den same perioden har det vore ein vekst på mellom 1,2 til 2,5 prosent i året av bønder med ammekyr, frukt, grønsaker og slaktekylling. Det er blitt 679 fleire bruk med til saman 21.000 ammekyr sidan 2017, i snitt ein vekst på vel 135 bruk kvart år.
Dei siste to åra har talet på slaktekylling også auka kraftig, sjølv om det i følgje Nationen er store svingingar frå år til år. Frå 2017 til 2022 har det vore ein vekst på over 2,6 millionar kyllingar, ein auke på nær 18 prosent.
(NPK