Næringsministeren er i Sauda: Møter folk på Alfred i kveld - i møter på smelteverket i morgon
Næringsminister Cecilie Myrseth kom til Sauda i kveld, direkte frå Brussel, der tollvedtaket blei gjort tysdag denne veka.
Den norske næringsministeren, Cecilie Myrseth (Ap) kom til Alfred-lokala i Skulegata i Sauda like før klokka 20.00 i kveld. Sauda-ordførar Håvard Handeland (Ap) fortel til Ryfylke at det har vore ein tett dialog mellom saudapolitikarar og næringsministeren og næringsdepartementet i tida før tollvedtaket i EU blei fatta denne veka.
– Både før og etter at avgjerda var tatt snakka me om at det er viktig for ho som næringsminister å dra ut og møta folk, som blir direkte ramma av vedtaka som blir gjort. Ho tok utfordringa på strak arm, og bestilte straks billettar for å komma til Sauda, fortel Handeland.
Medan ein venta på den noko forsinka ministeren og hennar følge, uttrykte Handeland overfor Ryfylke at det var noko «symbolsk» over reisa ministeren gjorde denne dagen.
– Reisa hennar viser boktstaveleg talt den store avstanden det er mellom Brussel, der denne alvorlege avgjera blei tatt, til Sauda der ein bedrift, arbeidsplassar og folk blir direkte ramma, sa han.
Då ministeren entra andre etasje i Alfred-lokala blei ho møtt av Eramet sin kommunikasjonsdirektør Kåre Bjarte Bjelland og verksdirektør Rune Dolmen, som begge gav ministeren ein klem. Dei er blitt godt kjent og er på førenamn med kvarandre. Det er bare få månader sidan ministeren var i Sauda og besøkte Eramet sist.
Verksdirektør Rune Dolmen fekk ordet først, og sa i sitt innlegg at han forventar at dei norske styresmaktene nå sørgar for å få på plass tiltakspakkar «som gjer at denne typen industri, som Norge er tufta på, framleis har ei framtid».
Næringsministeren minna om at ein først må få full oversikt over kva konsekvensar tollvedtaket i EU vil få for norske bedrifter. Ho åtvara mot å gå til «krig» mot EU, i form av boikottar eller andre upopulære handelstiltak.
– Men eg forstår usikkerheten dette vedtaket skaper, spesielt i ein marknad der ein heile tida må tenka langsiktig Men me veit i dag ikkje kor ille det blir, og eg meiner me må ha litt «is i magen». Kåre Bjarte sa ein gong at han vil at verket i Sauda skal drifta i 100 år til. Det støttar eg hundre prosent. Industrihistorie er for meg det same for arbeidarhistorie. Og, ja, me står i ei krevande tid, men me står saman, sa ministeren.
Ryfylke snakka litt med kommunikasjonsdirektør Kåre Bjarte Bjelland før ministeren kom. Han kunne fortella at det er planlagt møte med ministeren og fleire Eramet-tilsette i morgon, laurdag. Det er nå andre gong på få dagar at han møter den norske næringsministeren.
– Eg var i Oslo og møtte henne og utanriksminister Espen Barth Eide på tysdag. Då hadde me møte saman med fleire andre norske bedrifter som potensielt kunne bli ramma toll-forslaget til EU. Ho sa då at ho gjerne ville komma tilbake til Sauda, og når det viste seg at ho kom alt nå, så tar me sjølvsagt eit møte, seier Bjelland.
Næringsminister Cecilie Myrseth skal i morgon tidleg blant anna møta Joackim Andersen, leiar av Sauda fabrikkarbeiderforening, verksleiinga med Rune Dolmen i spissen, og kommunikasjonsdirektør Kåre Bjarte Bjelland.